Tskhinvali (ossetisk Цхинвал; georgisk ცხინვალი) er hovudstaden i den de facto sjølvstendige republikken Sør-Ossetia, som internasjonalt vert rekna som ein del av Georgia. Ifølgje Georgia si offisielle administrative inndeling høyrer Tskhinvali til regionen Sjida Kartli. Byen ligg ved elva Store Liakhvi, om lag 100 km nordvest for den georgiske hovudstaden Tbilisi.

Tskhinvali
ცხინვალი
Чъреба
Цхинвал(и)
Horisonten til Tskhinvali
Horisonten til Tskhinvali
Byvåpenet til Tskhinvali
Styresmakter
Land Georgia
Geografi
Flatevidd 17,46 km²
Innbyggjarar
 - By (2021)
   - folketettleik

32 906
  445/km²
Koordinatar 42°14′N 43°58′E / 42.233°N 43.967°E / 42.233; 43.967
Høgd over havet 860 m
Tidssone MSD (UTC+4)
Diverse anna
Heimeside: http://tskhinval.ru
Nettstad: http://tskhinval.ru/

Historie endre

Området rundt byen har vore busett sidan bronsealderen.

 
Eit bilete av Tskinvali av D. Rudnev frå 1886.

Tskhinvali vart først nemnd i georgiske skriftlege kjelder i 1398 som ein landsby i Kartli (Sentral-Georgia), men seinare kjelder gjev den georgiske kongen Asphagur av Iberia frå 200-talet som grunnleggjaren då han bygde ei festning her. Tidleg på 1700-talet var Tskhinvali ein liten «kongeleg by» og var stort sett folkesett av munkar. Tskhinvali vart annektert av Det russiske keisardømet i lag med resten av Aust-Georgia i 1801. Byen låg langs handelsvegen frå Nord-Ossetia til Tbilisi og Gori, og byen utvikla seg gradvis til ein handslby med ei blanding av jødisk, georgisk, armensk og ossetisk folkesetnad.

Sovjetunionen tok over landet, etter at Georgia hadde hatt to år med sjølvstende frå 1918 til 1920, vart Tskhinvali hovudstad i den autonome oblasten Sør-Ossetia innanfor Georgisk SSR. Dermed vart byen stort sett ossetisk på grunn av kraftig urbanisering og den sovjetiske politikken med å flytte ossetiske folk frå nærliggande landsbyområde og inne i byen. Byen var i praksis eit industrisenter med sagbruk og fabrikkar. Ifølgje ei folketeljing i 1989 hadde byen 42 934, medan det i dag berre er 32 906 att (2021).

Kjelder endre

  • Tsotniahsvili, MM. History of Tskhinvali. Tskhinvali, 1986