Tuesday's Gone
Tuesday's Gone Song av Lynyrd Skynyrd frå albumet (pronounced 'lĕh-'nérd 'skin-'nérd) | ||
Utgjeve | 13. august 1973 | |
Innspelt | Studio One i Doraville i Georgia, 3. april 1973 | |
Sjanger | Southern rock | |
Lengd | 7:32 | |
Selskap | MCA Records | |
Komponist | Ronnie Van Zant | |
Låtskrivar(ar) | Ronnie Van Zant Allen Collins | |
---|---|---|
Produsent | Al Kooper |
Tuesday's Gone Song av Metallica frå albumet Garage Inc. | ||
Utgjeve | 24. november 1998 | |
Innspelt | September–oktober 1998 i The Plant Studios i Sausalito i California. | |
Sjanger | Southern rock | |
Lengd | 9:05 | |
Selskap | Elektra Records | |
Komponist | Ronnie Van Zant | |
Låtskrivar(ar) | Ronnie Van Zant Allen Collins | |
---|---|---|
Produsent | Bob Rock James Hetfield Lars Ulrich Mark Whitaker |
«Tuesday's Gone» er ein song av Lynyrd Skynyrd frå debutalbumet (Pronounced 'lĕh-'nérd 'skin-'nérd) frå 1973. Songen kom òg med på det første konsertalbumet deira, One More From the Road.
Al Kooper la til Mellotron-strykarar på refrenget på songen. Det er ein av få Lynyrd Skynyrd-songar der Bob Burns, ein av dei originale medlemmane og trommisen i bandet, ikkje spelar på. Trommeslagaren i Atlanta Rhythm Section, Robert Nix, spelte på studioversjonen. Bob Burns spelte derimot på demoversjonen frå same innspelinga.
Andre versjonar
endreMetallica spelte inn «Tuesday's Gone» på albumet Garage Inc., med ei gjesteframføring frå Gary Rossington, på guitar Pepper Keenan frå Corrosion of Conformity, John Popper frå Blues Traveler, Les Claypool frå Primus, Jerry Cantrell frå Alice in Chains og Jim Martin, tidlegare i Faith No More.
I 1988 vart songen spelt inn av countryartisten Hank Williams jr. som siste sporet på albumet Wild Streak.
Ian Stuart Donaldson frå Skrewdriver spelte inn songen med Stigger på albumet Patriotic Ballads 2.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Tuesday's Gone» frå Wikipedia på engelsk, den 14. september 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: