Tuftebreen er ein brearm av Jostedalsbreen i Luster kommune i Vestland. Breen ligg i Tufteskardet, i ein sidedal til Krundalen i Jostedalen, om lag 3 km sørvest for Nigardsbreen. Han har eit areal på 6,5 km² og er 6,5 km lang. Det høgaste punktet på breen er 1920 meter over havet og det lågaste er 860 meter over havet. Tuftebreen vart fram til tidleg på 1900-talet oftast kalla «Tverrbreen».

Tuftebreen
isbre
Område Luster
Type Brearm
Arm Jostedalsbreen
Areal 6,59 km²
Lengd 6,5 km
Toppunkt 1920 moh
Botnpunkt 860 moh
Endepunkt Krundalen
Koordinatar 61°39′49″N 07°08′57″E / 61.66361°N 7.14917°E / 61.66361; 7.14917
Kart
Tuftebreen
61°39′49″N 7°08′57″E / 61.66361237°N 7.14916658°E / 61.66361237; 7.14916658

1. april 2002 raste breen ut og skada to personar ved breen. 14. juli 2001 fall ein 45 år gammal mann ned ei ein bresprekk her og vart hardt skadd. [1]

Under den vesle istida på 16- og 1700-talet gjekk Tuftebreen kraftig fram gjennom Tufteskardet og kom heilt ned i dalbotnen i Krundalen. Breen vart liggjande berre eit par hundre meter unna gardstunet på Bergset, og mykje beitemark og slåttemark til garden vart øydelagd. Dette er grundig dokumentert i ei avtaksforretning frå 1742.[2]

Kjelder endre

Sjå òg endre