Tullan
Tullan er ein innsjø som ligg på grensa mellom kommunane Salem og Södertälje i landskapet Södermanland i Sverige. Tullan inngår i Bornsjöns naturreservat.
Tullan | |||
innsjø | |||
Tullan vinteren 2008
| |||
Land | Sverige | ||
---|---|---|---|
Utløp | Til Bornsjön | ||
Høgd over havet | 19,5 moh. | ||
Lengd | 1,95 km | ||
Breidd | 0,83 km | ||
Areal | 0,68 km² | ||
Middeldjupn | 6,6–11 m | ||
Volum | 5,05 millionar m³ | ||
Kystlengd1 | 5,5 km | ||
Tullan 59°12′58″N 17°41′18″E / 59.216111111111°N 17.688333333333°E | |||
Wikimedia Commons: Tullan | |||
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen. |
Sør for Tullan går motorvegen E20, og nord for innsjøen går den gamle Södertäljevägen (ein gong Gamla Göta landsväg). Ein vert minna om dette ved milepålen med teksten «3 MIL IFRÅN STOCKHOLM», som står i nærleiken av torpet Hagen, der ein liten bit av den gamle landsvägen er bevart. Milepålen vart sett opp på 1750-talet av landshøvdingen Theodor Ankarcrona, og vart renovert i 2004 av Salems Hembygdförening.
Kommunegrensa mellom Salem og Södertälje går midt over innsjøen. Tullan er ein forholdsvis djup innsjø, med særs god vasskvalitet. Ein art av kransalger lever i Tullan, noko som kjem av den gode vasskvaliteten. Drenering av innsjøen går til Bornsjön, som er reservevasskjelde for Stockholm. Tullan inngår i verneområdet til Bornsjön.
Omgjevnadane kring innsjøen består av kupert barskog med innslag av hällmarksskog og noko dyrka mark. Rundt utløpet er det parti med lauvsumpskog. Det er òg noko myrlandskap i området, som ved Getasjön på sørsida og ved Loringe i nord. I endane av sjøen er det større bestandar av særs gammal gran og furu. Ved Tullan hekkar dei mindre vanlege fugleartane fiskeørn og storlom.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Tullan» frå Wikipedia på bokmål, den 16. juni 2012.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- Sjöar och Vattendrag i Södertälje kommun Arkivert 2011-01-10 ved Wayback Machine.