Tuonela (også kjend som Tuoni, Manala og Mana) er etter førkristen finsk tradisjon og verdssyn dødsriket eller bustaden til dei daude, Helheimen. Tuonela låg under jorda, eller på ei øy, var mørk eller grå. I Kalevala blir det ofte vist til Tuonela.

Det var tydelegvis slik at alle kom til Tuonela etter at dei var daude. I Tuonela var det trasig og trist å vere, men ikkje spesielt grufullt eller vondt. I Tuonela vart dei frå alt dei måtte styre med på jorda, på godt og på vondt. Tuonela tilsvarer altså ikkje det kristne helvetet, og heller ikkje den kristne himmelen. Vonde menneske kunne rett nok få dårlegare vilkår enn andre i Tuonela, slik som ei steinseng.

Dei daude kom ikkje direkte til Tuonela, dei måtte reise dit. Sjela kunne vere att ei tid, til dømes hos slekta si, men før eller seinare var dei nøydde til å dra, seinast når slektningane jaga bort skrømtet. Det var til fordel for dei levande at daudingane for til Tuonela, for då var dei ikkje att og spøkte, men det var mogleg å få tak i dei viss ein ville ha hjelp. Sjela kunne reise til Tuonela gjekk over Tuonela-elva, rett nok med hjelp av båten til tuoni-jenta, seier Kalevala. Finnar som levde i Kvitsjø-traktene skal ha sendt dei daude av garde i båt.

I Tuonela fanst det verdfull kunnskap, tydelegvis på grunn av kunnskapen til dei slektningane, eller i det heile til dei vise menneska, som hadde komme dit. Alt som levande kunne ein håpe på å få denne kunnskapen ved å «vitje Tuonela». Det ser ut til at det her er snakk om ein transetilstand, noaiden si sjel skulle reise visse vegar, eller klare store utfordringar, for å kome til Tuonela, til dømes lyge til tuoni-jenta at han verkeleg var daud, eller symje over den farlege elva. Dessutan måtte han kome seg bort frå Tuonela, om han skulle kunne kome tilbake til dei levande.

Det finske Tuonela minnar på mange måtar om dødsriket til andre folk. Det greske dødsriket var Hades, det norrøne var Helheimen.

Sjå òg endre

Kjelde endre