Turgajplatået (russisk Тургайское плато, Turgajskoje plato) er eit platå nordvest i Kasakhstan i Sentral-Asia. Det ligg 200-300 meter over havet.

Platået strekkjer seg 630 km frå nord til sør og 300 km frå aust til vest. Det er delt i to av Turgajravinen, som er 800 km lang og som under den siste istida var eit utløp frå den vestsibirske bresjøen som eksisterte då.

Mellom krit- og eosentida var platået ein del av Turgajsundet eller Det vestsibirske havet, som var ein arm av Tethyshavet som skilde Asia frå Europa.

Kjelder endre

50°03′00″N 61°50′00″E / 50.05°N 61.833334°E / 50.05; 61.833334