Tethyshavet var eit hav i mesozoikum som låg mellom kontinenta Gondwana og Laurasia før Indiahavet opna seg.

Første fasen av danninga av Tethyshavet. Det (første) Tethyshavet startar å dele Pangea inn i to superkontinent, Laurasia og Gondwana.

Historisk teori endre

I 1893 nytta Eduard Suess fossil funne i Alpane og Afrika til å leggje fram ein teori om eit innhav som ein gong hadde eksistert mellom Laurasia og Gondwana. På denne tida var dei to kontinenta knytt saman til superkontinentet Pangea. Han kalla det Tethyshavet etter den greske havgudinna Tethys. Då teorien om platetektonikk vart utvikla i 1960-åra vart det klart at Suess hadde rett. Platetektonikken forklarte òg korleis det tidlegare havet forsvann, nemleg at oseanskorpa forsvann under kontinentalskorpa.

Moderne teori endre

For om lag 250 millionar år sidan[1] under trias danna det seg eit nytt hav i sørenden av Paleo-Tethys-havet. Ei rift danna seg langs den nordlege kontinentalsokkelen sør på Pangea (Gondwana). Dei neste 60 millionar åra flytta denne delen seg nordover og pressa botn av Paleo-Tethys-havet under den austlege enden av Laurasia. Tethyshavet oppstod mellom Kimmeria og Gondwana, like over der Paleo-Tethys-havet tidlegare låg.

Under juratida (for 150 millionar år sidan) kolliderte til slutt Kimmeria med Laurasia. Her stoppa det opp og havplata som kom bak vart pressa under og danna ei djuphavsgrop. Havnivået steig og dei vestlege delane av Tethyshavet kom til å dekke store delar av Europa. I same tidsrom reiv Laurasia og Gondwana frå kvarandre og Atlanterhavet oppstod mellom dei. Mellom jura og krittida (100 millionar år sidan) byrja Gondwana å dele seg opp og Afrika og India vart pressa nordover over Tethyshavet. Dette opna opp for Indiahavet. Landområde pressa seg mot Tethyshavet frå all kantar. For rundt 15 millionar år sidan vart restane av Tethyshavet til Middelhavet, Svartehavet, Kaspihavet og Aralsjøen. Det meste av havbotn til Tethyshavet forsvann under Kimmeria og Laurasia. Geologar har funne fossil av sjødyr i Himalaya, så ein veit at desse områda låg under vatn før det indiske subkontinentet pressa seg på frå sør og skapte fjellkjeda. Liknande funn er gjort i Alpane.

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre