Adnan Menderes

tyrkisk diplomat og politikar

Adnan Menderes (fødd 1899 i Aydın, død 17. september 1961 i İmralı) var ein tyrkisk politikar. I 1950 vart han den første demokratisk valde statsministeren i Tyrkia. I 1960 vart han avsett i et militærkupp og deretter avretta.

Adnan Menderes

Fødd1899
Aydın, Koçarlı
Død17. september 1961 (62 år)
Statsborgar avTyrkia
Yrkepolitikar, diplomat
Utdanna vedAnkara University, Law School
Universitetet i Ankara
EktefelleBerrin Menderes
BarnYüksel Menderes, Mutlu Menderes, Aydın Menderes
Alle verv
  • medlem av Tyrkias store nasjonalforsamling
  • Tyrkias statsminister (1950–1951)
  • Tyrkias statsminister (1951–1954)
  • Tyrkias statsminister (1954–1955)
  • Tyrkias statsminister (1955–1957)
  • Tyrkias statsminister (1957–1960)
  • Minister of National Defence (1955–1957) Sjå dette på Wikidata
Menderes i 1960

Menderes var jurist. Han arva jord, men selde mykje av den og beheldt berre ein gard, der han innførte moderne jordbruksmetodar og utvikla det til eit mønsterbruk.[1]

Frå byrjinga av 1930-talet var Menderes aktiv i Det republikanske folkepartiet (Cumhuriyet Halk Partisi, CHP), eit kemalistisk parti og då det einaste lovlege partiet i Tyrkia. Han vart vald til nasjonalforsamlinga for CHP.[1] Etter at han vart ekskludert frå CHP i 1945, tok Menderes i 1946 del i skipinga av Det demokratiske partiey (Demokrat Parti), eit sentrum-høgreparti. Menderes leia i 1950 partiet til valsiger.[2] Han vart med det den første demokratisk valde statsministeren i Tyrkia.

I innanrikspolitikken førte Menderes og Det demokratiske partiet ein reformpolitikk, både i økonomien og i den offentlige forvaltninga. I økonomien innebar dette eit brot med den kemalistiske planøkonomien. Partiet godtok samstundes etablerte tradisjonar og islamske skikkar i større grad enn Atatürk og CHP gjorde.[1] Utanrikspolitisk la han Tyrkia tett opp til vestmaktene.[2] Dette leia til at Tyrkia i 1952 vart medlem av NATO. Spørsmålet om sjølvstende for Kypros frå Storbritannia var et anna viktig utanrikspolitisk tema i regjeringstida hans. I 1959 overlevde Menderes ein flystyrt i Storbritannia, dit han var på veg for samtalar om situasjonen på Kypros.[3]

Det demokratiske partiet med Menderes i spissen vant valet i 1954 òg, og Menderes vart attvald som statsminister. Landet var i ein vanskelig økonomisk situasjon, ikkje minst fordi regjeringa hadde åpna opp for import frå utlandet, noko som svekka landets eige næringsliv. Menderes byrja å slå ned på kritikare, innførte pressesensur og fengsla journalister.[2] Til trass for aukande motstand vant han likevel igjen valet i 1957.

Då landet i 1960 var stilt overfor ei økonomisk krise, tok Menderes til seg utvida fullmakter, noko som auka den politiske motstanden mot han.[2] Den 2. mai 1960 vart Menderes avsett i eit militærkupp gjennomført av kemalistiske offiserar.[2] Han vart stilt for retten av det nye regimet og dømd til døden.[4] Han freista å ta sitt eige liv, men lukkes ikkje med det. 17. september 1961 var han avretta.

Menderes vart politisk rehabilitert i 1990.[2] Adnan Menderes lufthavn i İzmir er opppkalla etter han.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 «Adnan Menderes», Encyclopædia Britannica Online.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 Martin Polley: A to Z of Modern Europe, 1789–1999, London: Routledge, 2000, s. 107.
  3. 1959: «Turkish leader involved in fatal crash», On This Day, BBC News.
  4. «FACTBOX: Coups in Turkey over last 50 years» Arkivert 2012-11-13 ved Wayback Machine., Reuters, 17. oktober 2008.