Turid Birkeland
Turid Birkeland (fødd 5. november 1962 i Haugesund, død 24. desember 2015 i Oslo)[1] var ein norsk politikar frå Arbeiderpartiet.
Turid Birkeland | |
![]() | |
Fødd | 5. november 1962 Haugesund |
---|---|
Død | 24. desember 2015 (53 år) |
Statsborgar av | Noreg |
Parti | Arbeidarpartiet |
Yrke | politikar, journalist |
Turid Birkeland var statsråd i Kulturdepartementet (kulturminister) i Thorbjørn Jagland si regjering frå 25. oktober 1996 til 17. oktober 1997.
I perioden 1986 til 1989 var Turid Birkeland fast møtande vararepresentant på Stortinget. Ho var leiar for AUF i åra 1989-1992. Ho var leiar for Ja-aksjonen for norsk EU-medlemskap i 1994.

Turid Birkeland skreiv bøker, og arbeidde for LO sitt kontor i Brüssel. Ho arbeidde elles mellom anna som kultursjef i NRK og programleiar i kulturavdelinga i NRK. Ho leia programmet «Silikonfri sone» på TVNorge, og var også programleiar på TV+ i 1995, i tillegg til verv som leiar for programrådet i P4. Ho var også leiar for Kammermusikkfestivalen i Risør.
Frå 2008 var Turid Birkeland seniorrådgjevar i Telenor.
BøkerEndra
- Turid Birkeland og Sigurd Sandvin. Alle fakta på bordet. Oslo, 1992 EU-fakta
- Stockholm - Din guide til storbyen!. Damm, 2001 ISBN 82-517-8792-0
- London - Din guide til storbyen!. Damm, 2005. ISBN 82-496-0701-5
KjelderEndra
- ↑ «Turid Birkeland er død». NRK. 25. desember 2015. Henta 25. desember 2015.