Den Norske Turistforening
Den Norske Turistforening (DNT) er ei foreining for vandrarar og anna friluftsfolk, og den største friluftsorganisasjonen i Noreg, med over 240 000 medlemmar. Til saman er 57 lokale turistforeinigar og turistlag tilslutta Den Norske Turistforening, som er ein «paraplyorganisasjon» og landsforeining for desse lokale turistforeiningane. Dei lokale foreiningane driv hytter på fjellet og i skogane, merkjer og legg til rette turstiar og arrangerer turar i kvar sine eigne geografiske område, medan Den Norske Turistforening tek seg av dei sentrale oppgåvene, som mellom anna går ut på å gje ut medlemsbladet Fjell og Vidde og årboka, drive organisasjonsarbeid, naturvernarbeid, medlemsteneste og informasjons- og marknadsføringsarbeid. Lokalforeiningane driv til saman 411 hytter, merkjer 19 000 km sommarruter (turstiar) og 5 000 km vinterruter (skiløyper). Foreiningane held årleg 2 500 turar og kurs, både i inn- og utland. Kristin Krohn Devold er generalsekretær (2011).
Den Norske Turistforening | |||
| |||
Type | forening/lag/innretning | ||
---|---|---|---|
Org.nummer | 979469241 | ||
Skipa | 1868 | ||
Hovudkontor | Oslo | ||
Medlemmer | 320 432 | ||
Nettstad | https://dnt.no |
Historie
endreForeininga blei grunnlagd den 21. januar 1868 etter pådriv frå konsul Thomas Johannesen Heftye og kaptein Hans Hagerup Krag.[1] I tillegg til desse to sat oberst Fredrik Næser, professor Halvor Rasch, og assessor W. Erichsen i den første direksjonen. Turistforeininga hadde som føremål «at lette og udvikle Turistlivet her i Landet».[2] Den første medlemsforeininga blei Oslo og omland, grunnlagd same året som hovudforeininga, i og med at Den Norske Turistforening og lokalforeininga var den eine og same foreininga fram til Den Norske Turistforening byrja å fungere som nasjonal foreining.
Medlemsforeninger
endreDei 57 medlemsforeningane med lokallag er:
A
endreB
endreD
endre- DNT Drammen og Omegn
- DNT Finnskogen og Omegn
- DNT Gjøvik og Omegn
- DNT Gudbrandsdalen
- DNT Hadeland
- DNT Horten
- DNT Indre Østfold
- DNT Lillehammer
- DNT Nedre Glomma
- DNT Nord-Østerdal
- DNT Odal
- DNT Oslo og Omegn
- DNT Ringerike
- DNT Vansjø
E
endreF
endreH
endre- Hamar og Hedemarken Turistforening
- Hammerfest og Omegn Turlag
- Harstad Turlag
- Haugesund Turistforening
- Hemnes Turistforening
- Holmestrand og Omegn Turistforening
K
endre- Kautokeino Turlag
- Kongsberg og Omegns Turistforening
- Kristiansand og Opplands Turistforening
- Kristiansund og Nordmøre Turistforening
L
endreM
endreN
endre- Narvik og Omegn Turistforening
- Nord-Salten Turlag
- Nord-Trøndelag Turistforening
- Nordkapp og Omegn Turlag
- Notodden Turlag
R
endreS
endre- Sandefjord og Oplands Turistforening
- Sandnessjøen og Omegn Turistforening
- Sogn og Fjordane Turlag
- Stavanger Turistforening
- Sulitjelma og Omegn Turistforening
- Sør-Varanger og Omegn Turistforening
T
endre- Telemark Turistforening
- Tistedalen Friluftslag
- Troms Turlag
- Trondhjems Turistforening
- Tønsberg og Omegn Turistforening
V
endreÅ
endreKjelder
endre- ↑ «150 ÅR MED TURGLEDE» (på norsk bokmål). Den Norske Turistforening. Henta 15. mars 2023.
- ↑ «TING DU IKKE VISSTE OM DNT» (på norsk bokmål). Den Norske Turistforening. Henta 15. mars 2023.
Bakgrunnsstoff
endre- Offisiell nettstad
- Vêrvarsel for turisthyttene (yr.no) Arkivert 2007-08-09 ved Wayback Machine.