Tussa Kraft
Tussa Kraft AS er eit norsk energi- og kommunikasjonskonsern med hovudkontor i Ørsta kommune på Sunnmøre. 200 medarbeidarar jobbar i konsernet, med oppgåver innanfor kraftproduksjon, kraftomsetning, IKT og installasjon.
Tussa Kraft | |
Selskapsform | aksjeselskap ![]() |
---|---|
Org.nr. | 916 929 641 |
Skipa | 19. desember 1956 |
Dotterselskap | Sunnmøre Energi, Tussa Energi AS, Tussa IKT AS ![]() |
Eigar | Ørsta kommune, Herøy kommune i Møre og Romsdal, Volda kommune, KLP, Hareid kommune, Vanylven kommune, Ulstein kommune, Sande kommune i Møre og Romsdal ![]() |
Hovudkontor | Ørsta ![]() |
Tilsette | 22 ![]() |
Verksemda vart stifta i 1949. I 2022 hadde ho fire heileigde dotterselskap: Tussa Energi, Sunnmøre Energi, Tussa IKT og Tussa Installasjon. I tillegg var ho deleigar i Mørenett og Wattn.[1]
All kraft frå Tussa er fornybar. I 2022 åtte og dreiv Tussa 25 vasskraftverk og 1 biobrenselanlegg. Tussa sine vasskraftverk har ein samla gjennomsnittleg produksjonskapasitet på om lag 750 GWh i året. Det er nok til å forsyne over 37 500 gjennomsnittshushald med straum i eit år.[2] Kraftverka er geografisk spreidde over heile søre Sunnmøre.
Ein stor del av overskotet i Tussa går tilbake til lokalsamfunnet gjennom utbyte til eigarane. Tussa er i dag eigt av åtte kommunar på søre Sunnmøre, KLP og eit kraftselskap.[3]
KjelderEndra
- ↑ «Organisasjonen», Tussa (på norsk bokmål), henta 14. januar 2022
- ↑ «All kraft frå Tussa er fornybar», Tussa (på norsk bokmål), henta 14. januar 2022
- ↑ «Samfunnsansvar», Tussa (på norsk bokmål), henta 14. januar 2022