Tussa Energi AS
Tussa Energi AS er eit dotterselskap i Tussakonsernet. Selskapet har hovudkontor i Ørsta i Møre og Romsdal.
Tussa Energi AS | |||
Org.form | Aksjeselskap | ||
---|---|---|---|
Org.nr. | 876795442 | ||
Skipa | 23. september 1996 | ||
Eigar | Tussa Kraft[1] | ||
Morselskap | Tussa Kraft | ||
Hovudkontor | Hovdebygda | ||
Land | Noreg |
Tussa Energi eig 13 og driv 15 vasskraftverk som i eit normalår produserer om lag 625 GWh. Kraftverka er geografisk spreidde på heile søre Sunnmøre. Oppgradering av gamle kraftverk og bygging av nye småkraftverk er satsingsområde for selskapet.
I Tussaområdet har Tussa Energi ein eigenproduksjon på 625 GWh. Dette er om lag 125 GWh mindre enn forbruket i området, som er på om lag 750 GWh.
Kjelder
endre- ↑ https://www.proff.no/roller/tussa-energi-as/hovdebygda/produsenter/IEI0ROY016D/; vitjingsdato: 8. januar 2020.