Tussa Kraft AS er eit norsk energi- og kommunikasjonskonsern med hovudkontor i Ørsta kommune på Sunnmøre. 200 medarbeidarar jobbar i konsernet, med oppgåver innanfor kraftproduksjon, kraftomsetning, IKT og installasjon.

Tussa Kraft
Org.formAksjeselskap
Org.nr.916929641[1]
Skipa19. desember 1956
EigarØrsta kommune, Herøy kommune, Volda kommune, Hareid kommune, Vanylven, Ulstein, Sande kommune
DotterselskapTussa Energi AS, Tussa IKT
HovudkontorØrsta
LandNoreg
Nettstadhttps://www.tussa.no/ (norsk)

Verksemda vart stifta i 1949. I 2022 hadde ho fire heileigde dotterselskap: Tussa Energi, Sunnmøre Energi, Tussa IKT og Tussa Installasjon. I tillegg var ho deleigar i Mørenett og Wattn.[2]

All kraft frå Tussa er fornybar. I 2022 åtte og dreiv Tussa 25 vasskraftverk og 1 biobrenselanlegg. Tussa sine vasskraftverk har ein samla gjennomsnittleg produksjonskapasitet på om lag 750 GWh i året. Det er nok til å forsyne over 37 500 gjennomsnittshushald med straum i eit år.[3] Kraftverka er geografisk spreidde over heile søre Sunnmøre.

Ein stor del av overskotet i Tussa går tilbake til lokalsamfunnet gjennom utbyte til eigarane. Tussa er i dag eigt av åtte kommunar på søre Sunnmøre, KLP og eit kraftselskap.[4]

Kjelder

endre
  1. https://w2.brreg.no/enhet/sok/detalj.jsp?orgnr=916929641; vitjingsdato: 8. januar 2020; utgjevar: Brønnøysundregistra.
  2. «Organisasjonen», Tussa (på norsk bokmål), henta 14. januar 2022 
  3. «All kraft frå Tussa er fornybar», Tussa (på norsk bokmål), henta 14. januar 2022 
  4. «Samfunnsansvar», Tussa (på norsk bokmål), henta 14. januar 2022 

Bakgrunnsstoff

endre