«Tussebruri» eller «Tussebrureferdi» er ein gangar spela på Voss, i Telemark, i Valdres og i Setesdal. Dette er ein vandreslått som er sopass gamal at det er uvisst å seia kvar han opphavleg kom frå. Truleg er kjerneområdet Voss eller Sogn. Slåtten er rekna som gamal på Voss. Slåtten går på nedstilt bass og er spela i 6/8-takt.

Nokre av formene er og kalla «Røven». Elles er slåtten kalla «Vossetussa», eller «Søtebroki åt Netrøsti» (Valdres), eller «Båtlåten» (Valdres. Til minne om eit brurepar som drukna av di brurebåten kvelvde). Stevet «Ser du røven, Lambetjuven» finst som songleik i Sogn. Slåttemotivet er soleis svært utbreidd. Wilhelm Sorteberg bygde ut gangaren «Gubben på Norefjell» over taka i slåtten.

Variantgruppa endre

Hardingfeleverket har katalogisert slåtten under gruppenr 115/125. Wilhelm Sorteberg bygde ut ei eiga form (nr 12).

Nr. 115

  • e: «Ser du røven, Lambetjuven», etter Olav Moe frå Aurdal i Valdres [5][daud lenkje]. Nedskrift Eivind Groven 1952 etter sending i NRK (G 997). Olav Moe rekna slåtten som gamal i Valdres, men stevet er det same som på Voss. ”Det er klagesongen uppi fjellet over skadyri som gjere skae på bufeet” (Olav Moe).

Supplementsformer:

Innspelingar (i utval) endre

  • Olav Moe, hardingfele. Innspilt i Oslo 23. februar 1954. Han blei utgjeven på 78-plata His Master's Voice A.L. 3394.