Jebel Tuwaiq

(Omdirigert frå Tuwaiq)

Jebel Tuwaiq (arabisk جبل طويق) er ein smal skrent som kryssar platået Nejd sentralt i Arabia, og strekkjer seg kring 800 km frå den sørlege grensa til Al-Qasim i nord til den nordlege utkanten av Rub al-Khali-ørkenen nær Wadi ad-Dawasir i sør. Han er 600 meter høg og har ei lagdeling frå midtre juratida. Austsida heller slakt nedover, medan vestsida endar bratt. Skrenten kan reknast som eit smalt platå, men dei lokale kallar det jebel eller «fjell».

Jebel Tuwaiq
skrent
Tuwaiq Escarpment-14h38m25s-k.jpg
Tweig-skrenten (Tuwaiq) frå vest. Den saudiarabiske hovudstaden Riyadh ligg like bortom horisonten.
Land Flag of Saudi Arabia.svg Saudi-Arabia
Map
Jebel Tuwaiq
19°54′52″ N 45°15′7″ E
Saudi Arabia location map.svg
Wikimedia Commons: Tuwaiq Escarpment

Mange smale dalar (wadi) går langs sidene, som Wadi Hanifa, og ei gruppe av byar ligg sentralt, som den saudiarabiske hovudstaden, Riyadh. Mange busetnader har historisk lagt på kvar side av ryggen, som Sudair og Al-Washm. Tweig-skrenten er nemnt i det geografiske leksikonet til Yaqut frå 1200-talet som Al-'Aridh, men dei siste hundreåra er dette namnet berre nytta om den sentrale delen av skrenten, kring Riyadh.

KjelderEndra