Tverrådalskyrkja

Tverrådalskyrkja (2087 moh.) er eit ryggforma fjell på grensa mellom Skjåk kommune i Innlandet i nord og Luster kommune i Vestland i sør. Fjellet ligg i fjellområdet Breheimen. Den høgaste toppen (Tverrådalskyrkja eller Store Tverrådalskyrkja) er 2087 moh. Toppen har ein særs karakteristisk og dominerande profil frå Sota i Skjåk. Tverrådalskyrkja har òg et lågare toppunkt, Søre Tverrådalskyrkja, som er 2034 moh. og ligg om lag 700 m sørvest for det høgaste toppunktet. Toppen vart første gong nådd 2. august 1842 av Harald Nicolai Storm Wergeland. I dag er den vanlegaste ruta til toppen opp austryggen frå Fortundalsbreen.

Tverrådalskyrkja
fjell
Land  Noreg
Område InnlandetVestland
Fjellområde Breheimen
Høgd 2 087 moh.
Primærfaktor 650 m
Lettast tilkomst Austryggen frå Fortundalsbreen.
Førstestiging 2. august 1842 av Harald Nicolai Storm Wergeland
Koordinatar 61°44′39.96″N 7°41′11.74″E / 61.7444333°N 7.6865944°E / 61.7444333; 7.6865944
Kart
Tverrådalskyrkja
61°44′40″N 7°41′12″E / 61.744433333333°N 7.6865944444444°E / 61.744433333333; 7.6865944444444
Wikimedia Commons: Tverrådalskyrkja
Spire Denne geografiartikkelen som har med Innlandet og Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.