Tverrband
Tverrband er tversliggjande opphøgde strukturar på gripebrettet av strengeinstrument som gjer det lettare å treffe presise tonehøgder. Det finst fleire ulike typar tverrband:
- Flyttbare tverrband av tarm- eller nylonstrenger: Desse blir knytte kring halsen på instrumentet. Slike tverrband finst på lutt, teorbe, chitarrone, vihuela, barokkgitar, gambe og violone (kontrabassgambe), og vart tidlegare òg ofte nytta på kontrabass.
- Flyttbare tverrband av metall. Desse finst særleg på nordindiske musikkinstrument som sitar.
- Faste tverrband av tre. Desse finst til dømes på det norske folkemusikkinstrumentet langeleik.
- Faste ikkje-innfelte tverrband av metall. Desse finst til dømes på det sørindiske instrumentet vina.
- Faste innfelte tverrband av metall. Desse er innfelte i gripebrettet og kan ikkje flyttast. Faste tverrband av metall finst på romantisk og moderne gitar, mandolin, svensk lutt, elektrisk gitar og bassgitar (el-bass).
Elektriske klimpreinstrument som ikkje har tverrband blir ofte karakteriserte som fretless.