Tvillingbolle
Tvillingbolle er eit drikkekar som består av to bollar som heng saman i sida. Tvillingbollar blei brukt på bygdene i Noreg på 1600-, 1700- og 1800-talet til å drikka øl av. Dei er utskorne av eitt stykke tre, og det er opning i veggen mellom dei to bollane slik at ølet kan renna fritt mellom dei. Desse tvillingbollane har truleg vore brukt som «skjemtekar».
Tvillingkar av denne typen har vore brukt i Europa frå førhistorisk tid. Det er mogleg at dei opphavleg har hatt ein rituell funksjon ved handlingar utført i samband med forbrødring og giftarmål. Det finst opplysinger om at ungarske tvillingkar frå seinare tid var bestemt for brud og brudgom.[1]
Sjå òg
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Tvillingbolle» frå Wikipedia på bokmål, den 14. november 2017.
- ↑ Gjærder (1975) s. 179.
Litteratur
endre- Gjærder, Per (1975): Norsk drikkekar av tre. Bergen – Oslo – Tromsø
- Østby, Jon Birger (1983): Nomenklatur for drikkestell, med tegninger av Torill Sand. Oslo