Ølfugl
Ølfugl er ei nemning for drikkekar eller auser av tre med fugleform. Dei har hank eller skaft forma som eit fuglehovud, og har gjerne ein stjert på motsett side. Dei fleste bevarte ølfuglar er frå 1700- og 1800-talet, og dei har vore brukt i bygdemiljø. Dei finst også som tvillingbollar der to parallelle fuglar heng saman, og dei har då gjerne eit hol imellom slik at ølet kan renna fritt mellom dei.
Nemninga knyter ølfuglane til øldrikking, men om enkelte er det opplyst at dei har også har vore brukt til mjølk. Ølfugler kunne brukast som sjølvstendige drikkekar, men mindre ølfuglar kunne også brukast som auser til å drikka av når ølet blei servert i store ølbollar. Ifølgje tradisjonen låg dei då gjerne og flaut i bollen når dei ikkje var i bruk.
Gås, and og pelikan er dei vanlegaste fugleformene som er brukte som førebilde for ølfuglar. Andre nemningar som har vore brukt på denne typen drikkekar er gjøytil, gås, høne, høneskål, kane, kani, kjenge, koks, mjokk-høne[a], orre, pelikan, skafse, øland, ølgås, ølhane, ølhøne, ølkjenge, ølkopp og ause.[1] Nemninga «ølfugl» blir også brukt om slike kar med tut.[b]
Merknadar
endreKjelder
endre- ↑ Østby 1983, s. 37.
- Litteraturliste
- Christie, Inger Lise (1987), «Høne – and – orre : en gruppe fugleformete ølkar», By og bygd, Norsk Folkemuseums årbok 1985-86 (Oslo): 126-166, ISBN 82-90036-29-9
- Gjærder, Per (1975), Norsk drikkekar av tre, Bergen – Oslo – Tromsø
- Østby, Jon Birger; Torill Sand (ill.) (1983), Nomenklatur for drikkestell, Oslo
- Denne artikkelen bygger på «Ølfugl» frå Wikipedia på bokmål, den 14. november 2017.