Twisted Sister
Twisted Sister var ei heavy metal-gruppe som blei danna i New York i desember 1972 av gitaristen Jay Jay French. Bandet var inspirert av New York Dolls, Kiss og Alice Cooper.[1] French sjølv var også begeistra for Lou Reed og David Bowie.[2]
Twisted Sister | |||
| |||
Opphav | USA New York | ||
---|---|---|---|
Aktiv | 1972–2016 | ||
Sjanger | Heavy metal Hardrock | ||
Plateselskap | Atlantic Records |
Historie
endreSjølv om bandet blei danna allereie i 1972, var det fyrst etter at vokalisten Dee Snider kom med i 1976 at det byrja å få ordentleg suksess. Snider skreiv snart dei fleste låtane for bandet. Dei første utgivingane til gruppa var singlane «I'll Never Grow Up Now» og «Bad Boys of Rock'n'Roll» i 1980, med Eddie Kramer som lydprodusent. Deretter følgde EP-en Ruff Cuts før albumdebuten endeleg kom med Under the Blade med Pete Way, kjend som bassist i UFO, som produsent i 1982.[3]
Stay Hungry frå 1984 blei det store gjennombrotet til gruppa, godt hjelpt av fleire humoristiske musikkvideoar på MTV: «We're Not Gonna Take It» og «I Wanna Rock», med platesal som kvalifiserte til platinaplate fleire gonger.[4]
Bandet klarte ikkje å ta vare på momentet og selte aldri like mykje igjen. Singelen frå den neste albumutgjevinga, Come Out and Play (1985), var ein coverversjon av «Leader of the Pack», som var ein hit for jentegruppa The Shangri-Las i 1964.[5] Bandet hadde tapt noko av kredibiliteten sin hjå metalpublikumet, og mista den kortvarige merksemda til poppublikummet. Heller ikkje Love is for Suckers (1987) selte tilfredsstillande, og bandet blei oppløyst.[6]
Bandet har blitt gjenforeint nokre gonger, men utgjevingane har vore liveplater, gjeninnspelingar og novelty-utgjevingr.[7] Då trommeslagaren A.J. Pero døydde i 2015, bestemde dei seg for å leggja ned bandet, men heldt ein avskjedsturné i 2016.[8]
Diskografi
endre- Studioalbum
- Under The Blade (1982)
- You Can't Stop Rock 'N' Roll (1983)
- Stay Hungry (1984)
- Come Out And Play (1985)
- Love Is For Suckers (1987)
- Big Hits And Nasty Cuts (1992)
- Live At Hammersmith (1994)
- Club Daze Volume 1 The Studio Sessions (1999)
- Club Daze Volume 2 Live At The Bars (2001)
- The Essentials (2002)
- Still Hungry (2004)
- Live At Wacken: The Reunion (2005)
- Best of Twisted Sister (2006)
- A Twisted Christmas (2006)
Kjelder
endre- ↑ Om Twisted Sister av Eduardo Rivadavia på Allmusic
- ↑ «Ken Sharp: «Still Twisted: An Interview with Jay Jay French of Twisted Sister» på Rockcellar Magazine 4. april 2016». Arkivert frå originalen 30. juni 2016. Henta 28. mai 2016.
- ↑ Om Twisted Sister av Eduardo Rivadavia på Allmusic
- ↑ Om Twisted Sister av Eduardo Rivadavia på Allmusic
- ↑ Adam Kivelon: «Break Yo’ TV: Twisted Sister – Leader of the Pack» på Consequence of Sound 26. august 2010
- ↑ Om Twisted Sister av Eduardo Rivadavia på Allmusic
- ↑ Diskografi hos Allmusic
- ↑ Thomas Talseth: «Twisted Sister gir seg etter dødsfall» i VG 8. april 2015
- Denne artikkelen bygger på «Twisted Sister» frå Wikipedia på bokmål, den 22. desember 2024.