Eit tynnslip er eit tynt, om lag 0,03 mm tjukt, snitt av ein bergart eller eit mineral, som er montert på eit objektglas med eller utan dekkglas over. Når laget ikkje er tjukkare enn dette er dei fleste bergartsdannande mineral gjennomsitkige, slik at det er mogeleg å bestemme minerala ut frå dei optiske eigenskapane deira ved hjelp av eit polarisasjonsmikroskop. I tillegg kan ein studere tekstur og mineralorientering.

Fotomikrografi av eit tynt snitt av ein kalkstein med ooidar. Den største er om lag 1,2 mm i diameter.

Kjelder endre

«tynnslip» i Store norske leksikon, snl.no.