Carl Frode Tiller
norsk historikar og skribent
Carl Frode Tiller (fødd 4. januar 1970)[1] er ein norsk forfattar, historikar og musikar frå Namsos.
Carl Frode Tiller | |
![]() | |
Nasjonalitet | Norsk |
Fødd | 4. januar 1970 (53 år) Namsos |
Yrke | Forfattar |
Språk | nynorsk |
Periode | 2001- |
Sjanger | roman |
Debut | Skråninga |
Nettstad | cftiller.no |
Carl Frode Tiller på Commons |
Tiller forfattardebuterte med romanen Skråninga i 2001. Boka vart svært godt teken mot av kritikarane og han fekk Tarjei Vesaas' debutantpris og P2-lytternes romanpris for henne. Romanen Innsirkling frå 2007 gav han Brageprisen. Han vart nominert til Nordisk Råds litteraturpris for både Innsirkling og Innsirkling 2, og fekk European Union Prize for Literature i 2009 for Innsirkling. Tiller skriv bøkene sine på nynorsk.
Bøkene hans har vorte omsette til svensk, dansk, islandsk, fransk, tsjekkisk, ungarsk og tysk.[2]
Saman med Håvard Thørring er han gruppa Kong Ler, som har utgjeve to CD-ar.
UtgjevingarEndra
BibliografiEndra
- Skråninga – roman (2001)
- Bipersonar – roman (2003)
- Innsirkling – roman (2007)
- Folkehelsa – skodespel (2009)
- Skråninga – skodespel (2010)
- Innsirkling 2 – roman (2010)
- Portrett av ein varulv – skodespel (2011)
DiskografiEndra
- Kong Ler - Smil! – CD (1997)
- Kong Ler - Sauter, et bakterievorspiel bak beingrinda – CD (2000)
TeateroppføringarEndra
- Skråninga – uroppført på Det Norske Teatret i 2004
- Folkehelsa – uroppført på Trøndelag Teater i 2007
- Innsirkling – uroppført på Det Norske Teatret i 2011
PrisarEndra
- Tarjei Vesaas' debutantpris 2001, for Skråninga
- P2-lytternes romanpris 2001, for Skråninga
- Sunnmørsprisen 2001, for Skråninga
- Aschehougs debutantstipend 2001, for Skråninga
- Bjørnsonstipendet 2004, for Bipersonar[3]
- Brageprisen 2007, for Innsirkling.
- Den norske Kritikerprisen for litteratur 2007 for Innsirkling.
- Mads Wiel Nygaards legat 2007
- Sult-prisen 2008, for Innsirkling[4]
- Nominert til Nordisk Råds litteraturpris 2008 for Innsirkling
- European Union Prize for Literature 2009 for Innsirkling
- Nominert til Nordisk Råds litteraturpris 2011 for Innsirkling 2
- P2-lytternes romanpris 2010 for Innsirkling 2
ReferansarEndra
- ↑ ««Carl Frode Tiller»». forfatterkatalogen.no. Henta 12. april 2012.
- ↑ «Tiller, Carl Frode». aschehoug.no. Henta 11. desember 2011.
- ↑ Bjørnsonstipendet, Bjørnsonfestivalen, arkivert frå originalen 6. januar 2014, henta 6. januar 2014
- ↑ Tiller hedret med Sultprisen, NRK Trøndelag