Tyrkiasnøstjerne

planteart

Tyrkiasnøstjerne (Scilla bifolia) er ei plante i snøstjerneslekta i aspargesfamilien.[1] Arten kjem opphavleg frå Sør-Europa, Tyrkia og Kaukasus.[2]

Tyrkiasnøstjerne
Tyrkiasnøstjerne
Tyrkiasnøstjerne
Status
Status i Noreg: Framandart med låg risiko
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophytes
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Aspargesordenen Asparagales
Familie: Aspargesfamilien Asparagaceae
Underfamilie: Scilloideae
Slekt: Snøstjerneslekta Scilla
Art: Tyrkiasnøstjerne S. bifolia
Vitskapleg namn
Scilla bifolia

I Noreg er arten ein framandart som er innført som prydplante og som først vart funnen forvilla på 1960-talet. Arten er seinare registrert på ein handfull stader nær kysten frå Oslo til Trondheim.[2] I Framandartslista 2023 er arten registrert med låg risiko (LO). Arten er rekna som ein dørstokkart.[3]

Kjelder

endre
  1. «Artsdatabanken: Tyrkiasnøstjerne». Artsdatabanken. Henta 8. mars 2023. 
  2. 2,0 2,1 Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 219. 
  3. «Fremmedartslista 2023: tyrkiasnøstjerne Scilla bifolia L.». Framandartslista 2023. Artsdatabanken. 11. august 2023. Henta 12. februar 2024. 

Bakgrunnsstoff

endre