Tyssedal kraftanlegg

(Omdirigert frå Tyssedal kraftverk)

60°7′17.094″N 6°33′20.074″E / 60.12141500°N 6.55557611°E / 60.12141500; 6.55557611

Tyssedal kraftanlegg
Foto: Atle Abelsen
Turbinhallen i Tyssedal kraftanlegg.

Tyssedal kraftanlegg (Tysso I) er eit freda kraftanlegg i Tyssedal i Ullensvang kommune. Anlegget vart teikna av arkitekt Thorvald Astrup og vidareført av Victor Nordan. Det vart reist mellom 1906 og 1918 og var det første større høgtrykks kraftanlegget i Skandinavia.

Kraftstasjonen Tysso I starta produksjonen i 1908 og var ferdig utbygd i 1918 med 15 peltonturbinar på totalt 100 MW. Den gjennomsnittlege årsproduksjonen var på 700 GWh. I 1980 vart fem av røyrleidningane øydelagde, og bortsett frå to av turbinane som heldt fram med produksjonen til 1989, vart produksjonen då stoppa og teken over av Oksla kraftverk.

Tyssedal kraftanlegg er no ein del av Kraftmuseet, som fortel historia om vasskraft- og industrireising i Noreg.

Freding og status endre

Kraftanlegget er eit av Noregs mest komplette industrielle kulturminne, og på bakgrunn av dette vart det freda av Riksantikvaren i 2000. Etter dette vart det gjennomført eit stort restaureringsarbeid.

Nokon arbeider for å få anlegget inn på UNESCO si verdsarvliste som kulturminne.

Bygget er tusenårsstad i Odda kommune og vart Århundrets byggverk i Hordaland og Sogn og Fjordane.

Bakgrunnsstoff endre