UKUSA-samarbeidet
UKUSA-samarbeidet er ein allianse av engelsk-talande nasjonar leia av USA og Storbritannia som har til oppgåve å samle etterretning via signaletterretning.
UKUSA-samarbeidet |
---|
|
Medlemstatar
endreDei einande agentura er:
- Australia - Defence Signals Directorate (DSD)
- Canada - Communications Security Establishment (CSE)
- New Zealand - Government Communications Security Bureau (GCSB)
- Storbritannia - Government Communications Headquarters (GCHQ)
- USA - National Security Agency (NSA)
Organisering
endreUKUSA-samarbeidet vert ofte knytt saman med ECHELON-systemet. Medlemmene av etterretningsalliansen UKUSA har halde vedlike samanknytinger i innsammling og deling av etterretning sidan andre verdskrigen. Kvar medlem av UKUSA-alliansen er i teorien tildelt ansvar for å overvake ulike delar av kloden. Canadas hovudoppgåve brukte å vere overvaking av den nordlegaste delen av førre Sovjetunionen og utføre skanning av all kommunikasjonstrafikk som kunne avlyttast frå ambassadar kring i verda. I tida sidan den kalde krigen har det vorte lagd større vekt på overvaking av satellittrafikk, radio- og mobiltelefontrafikk fra Sentral- og Sør-Amerika, primært i ein freistnad på å spore narkotika og ikkje-allierte paramilitære grupper i regionen. USA med deira enorme nettverk av spionsatellittar og lyttestasjonar, avlyttar størstedelen av Latin-Amerika, Asia, asiatisk Russland og nordlege delar av Kina. Storbritannia lyttar på Europa og Russland vest for Uralfjella samt Afrika. Australia jaktar på kommunikasjonar med utspring i Indokina, Indonesia og dei sørlege delane av Folkerepublikken Kina. New Zealand skannar det vestlege Stillehavet.
ECHELON
endreECHELON er namnet som vert nytta til å nemne det høgt hemmeleghaldne verdsfemnande signaletterretning- og analysenettverket som det vert sagt blir drifta av UKUSA-samarbeidet og som ei rad kjelder har rapportert om, inkludert ein komité fra Europaparlamentet i 2001 (EP-rapport[1]). Den første som avslørte eksistensen av ECHELON var den undersøkjande jousnalisten Duncan Campbell i artikkeln «Someone's listening», publisert i New Statesman i 1988. Ifølgje nokre kjelder kan ECHELON fange radio- and satellitt-kommunikasjon, telefonsamtalar, faxar, epost og andre datastraumar nær sagd overalt i verda og inkluderer automatisk databasert analyse og sortering av innhaldet.[2] Likevel konkluderte EP-komitéen at «analysen som vert gjort i rapporten har avdekt at den tekniske kapasiteten til systemet truleg ikkje på langt nær er så omfemnande som nokre delar av media har rekna med» (EP-rapport, s. 11).
Referansar
endre- ↑ European Parliament Report on ECHELON (.pdf) (juli 2001)
- ↑ ECHELON; WORLDWIDE CONVERSATIONS BEING RECEIVED BY THE ECHELON SYSTEM MAY FALL INTO THE WRONG HANDS AND INNOCENT PEOPLE MAY BE TAGGED AS SPIES frå fjernsynsprogrammet 60 Minutes 27. februar 2002
Kjelder
endre- Richelson, Jeffrey T.; Ball, Desmond (1985). The Ties That Bind: Intelligence Cooperation Between the UKUSA Countries. London: Allen & Unwin. ISBN 0-04-327092-1
- Secret Power, New Zealand's Role in the International Spy Network; Craig Potton Publishing, Nelson, NZ; ISBN 0-908802-35-8; 1996 (nettutgåve)
- Bryden, John. Best Kept Secret: Canadian Secret Intelligence in the Second World War. Toronto: Lester Publishing, 1993.
- Hamilton, Dwight. Inside Canadian Intelligence: Exposing the New Realities of Espionage and International Terrorism. Toronto: Dundurn Press, 2006.
- Frost, Mike and Michel Gratton. Spyworld: Inside the Canadian and American Intelligence Establishments. Toronto: Doubleday Canada Limited, 1994.
- Rosen, Philip. The Communications Security Establishment – Canada’s Most Secret Intelligence Agency. Ottawa: Library of Parliament Research Branch, 1993.
- Rudner, Martin. Canada’s Communications Security Establishment: From the Cold War to Globalization in Intelligence and National Security. Volume 16 Number 1 (Spring 2001). 97-128.
- Whitaker, Reginald. Cold War Alchemy: How America, Britain, and Canada Transformed Espionage into Subversion in Intelligence and National Security.
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen UKUSA Community frå Engelsk Wikipedia .