SN sin høgkommissær for flyktningar

(Omdirigert frå UNHCR)

SNs høgkommissær for flyktningar (engelsk United Nations High Commissioner for Refugees, forkorta UNHCR) er ein SN-organisasjon skipa 14. desember 1950 for å verna og hjelpa flyktningar. Han har hovudkvarteret sitt i Genève i Sveits. Organisasjonen gjev stønad til flyktningar etter oppfordring frå ei regjering eller SN, og hjelper flyktningar med å reisa tilbake eller finna eit nytt stad å bu. UNHCR fekk Nobels fredspris i 1954 og 1981.

SN sin høgkommissær for flyktningar
Avenue de France, UNHCR Building, Geneva - panoramio.jpg
Skipa14. desember 1950; 69 år sidan (1950-12-14)
LeiarFilippo Grandi
Nettstadhttp://www.unhcr.org/
Ei hjelpeforsyning frå UNHCR

Organisasjonen har mandat til å leia og koordinera internasjonale aksjonar for å verna flyktningar og løysa flyktningproblem på verdsbasis. Hovedføremålet hans er å sikra rettane og velvera til flyktningar. UNHCR freistar å sikra at alle kan utøva retten sin til å søkja politisk asyl og finne sikker tilflukt i eit anna land, med eit frivillig høve til å reisa heim, integrerast lokalt eller å busetja seg i eit tredje land.

I 2013 hadde organisasjonen ifølgje seg sjølv hjelpt rundt 50 millionar menneske å starta eit nytt liv. Ein stab på rundt 7685 menneske i 126 land held fram å hjelpa rundt 34 millionar menneske. I 2012 hadde UNHCR eit budsjett på 3,59 milliardar amerikanske dollar.

HøgkommissærarEndra

Posten som høgkommissær er blitt halden av:

Fridtjof Nansen (Noreg) var høgkommissær for flyktningar for Folkeforbundet (forgjengaren til SN) frå 1922.

Sjå ògEndra

KjelderEndra

  1. «Italiensk diplomat blir FNs nye flyktningsjef». Aftenposten. 12. november 2015. Henta 12. november 2015. 

BakgrunnsstoffEndra