Udim (hebraisk skrift אוּדִים, tyder 'Vedskie') er ein moshav sentralt i Israel. Han ligg nær Netanya og høyrer til Hof HaSharon regionale kommune. I 2012 hadde han eit folketal på 1 229.[1]

Udim
אוּדִים
landsby
Land  Israel
Region Kystsletta
Distrikt Sentral
Kommune Hof HaSharon
Koordinatar 32°15′58.68″N 34°51′4.68″E / 32.2663000°N 34.8513000°E / 32.2663000; 34.8513000
Folketal 1 229  (2012)[1]
Grunnlagd 1948
 - Grunnlagd av Holocaust-overlevande
Tilhøyrsle Jordbruksunionen
Kart
Udim
32°15′59″N 34°51′05″E / 32.2663°N 34.8513°E / 32.2663; 34.8513
Wikimedia Commons: Udim

Moshaven vart grunnlagd i 1948 av Holocaust-overlevande. Namnet er henta frå Sakarja 3:2 og symboliserer at grunnleggjarane var overlevande av Holocaust:

Herren sa til Satan: « Herren refsar deg, Satan! Herren, som har vald ut Jerusalem, refsar deg! Sanneleg, denne mannen er ei vedskie raka ut or elden.»

Naturreservat endre

Søraust for moshaven ligg eit naturreservat, oppretta i 1967, og utvida i 1997. Det er no 140 mål i alt.[2] Reservatet er i eit gammalt steinbrot, der vasspegelen har heva seg slik at det veks vassplanter der. .[3]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Locality File» (XLS). Israelsk statistisk sentralbyrå. 2012. Henta 9. oktober 2014. 
  2. «Liste over nasjonalparkar og naturreservat» (PDF) (på hebraisk). Israel natur- og parktilsyn. Arkivert frå originalen (PDF) 7. oktober 2009. Henta 30. september 2014. 
  3. «Udim naturreservat» (på hebraisk). iNature.info. Henta 3. september 2015.