Indore (devanagari इन्दौर ) er ein by i India som ligg i delstaten Madhya Pradesh. Indore er den største byen i delstaten, og hadde 2 822 000 innbyggjarar i 2018.[2] Byen ligg ved sørkanten av Malwa-platået, med ei gjennomsnittleg høgd på 553 moh.[3] Han ligg 190 km vest for delstatshovudstaden Bhopal. Byen har ein del bomulls-, sement- og papirindustri. Det finst også mange vakre palass her.[2]

Indore
by
Land  India
Stat Madhya Pradesh
Areal 530 km²
Folketal 1 994 397 (2011)[1]
Kart
Indore
22°43′14″N 75°50′50″E / 22.720555555556°N 75.847222222222°E / 22.720555555556; 75.847222222222
Wikimedia Commons: Indore

Gupta-inskripsjonar nemner ein «Indrapura».[4] Ein trur byen har namn etter Indreshwar Mahadev-tempelet, som er vigd guden Indra.[5]

Historie

endre

Indore blei grunnlagd på 1700-talet av av mahratta-offiseren Malhar Rao Holkar. Byen var hovudstad for Fyrstestaten Indore under Holkar-slekta frå 1818 til 1948. I 1818 kom byen under britisk kontroll.[2] Frå 1948 til 1956 var byen sommarhovudstad i delstaten Madhya Bharat.[2]

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 https://www.census2011.co.in/data/town/802273-indore-madhya-pradesh.html.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 «Indore» i Store norske leksikon, snl.no.
  3. «About District | District Indore, Government of Madhya Pradesh | India» (på engelsk). Arkivert frå originalen 29. april 2020. Henta 8. mars 2020. 
  4. Bhandarkar, D. R. (1981). Inscriptions of the Early Gupta Kings (3. utg.). The Director General, Archaeological Survey of India. s. 100. doi:10.5281/zenodo.1210438. Arkivert frå originalen 7. januar 2021. Henta 26. september 2020. 
  5. Surjan, Lalit; Verma, Vinod (1996). Reference Deśabandhu Madhya Pradesh. Deshbandhu Publication Division. s. 252. ISBN 9788190073318. Arkivert frå originalen 17. januar 2018. Henta 17. januar 2018. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Indore