Malwa er ein historisk region i India, hovudsakleg innanfor grensene til den novarande delstaten Madhya Pradesh. Regionen ligg på eit platå vest i denne delstaten og søraustlege Rajasthan (mellom 21°10′N 73°45′E og 25°10′N 79°14′E),[1] med delstaten Gujarat og regionen Vagad i vest. I nordvest ligg Mewar-regionen, i nord Bundelkhand, i nordaust Hadoti og i aust og sør er Vindhyafjella. Platået er av vulkansk opphav, ei forlenging av Deccantrappene.

Malwa i 1832.
Malwa (sentralt i India, farga gult), i Ostell's New General Atlas, 1814

Politisk og administrativt sett viser Malwa også til den tidlegare delstaten Madhya Bharat, eller Malwa Union, som blei danna av ei rekkje fyrstestatar i 1948 og slått saman med Madhya Pradesh i 1956. Ujjain var lenge det politiske, økonomiske og kulturelle senteret i regionen, medan Indore er blitt den største byen og kommersielle senteret i nyare tid.

Malwa blei del av Guptariket udner Tsjandragupta II (375–413), som erobra området frå Kshaharata-satrapane. Guptatida blir ofte sett på som ein gullalder i historia til Malwa, med Ujjain som den vestre hovudstaden i riket. Kalidasa, Aryabhata og Varahamihira heldt alle til i Ujjain, som var eit viktig setner for lærdom, særleg innan astronomi og matematikk. Rundt år 500 etablerte Malwa seg som eit eige rike frå det oppsmuldrande Guptariket. I 528 sigra Yasodharman av Malwa over hunafolket, som hadde invadert India frå nordvest. På 600-talet blei region del av Harsha-riket, som kjempa om han mot tsjalukyakongen Pulakesin II av Badami i Deccan.

I 756 gjekk Gurjara-Pratiharas inn i Malwa.[2] I 786 blei regionen teken av Rasjtrakuta-kongane av Deccan, og blei omstridd av desse og Gurjara Pratihara-kongane av Kannauj fram til tidleg på 900-talet. Frå midten av 900-talet blei Malwa styrt av Paramaraene, som la hovudstaden sin til Dhar. Kong Bhoj, so styrte frå rundt 1010 til 1060, var kjend som ein opplyst konge som skreiv om filosofi, dikting, medisin, arktitektur, veterinærmedisin, fonetikk, yoga og bogeskyting. Under han blei Malwa eit kulturelt sentrum i India. Etterfølgjarane hans herska fram til rundt 1305, då Malwa fall for Delhisultanatet. Malwa blei også invadert fleire gonger av det sørindiske Vest-Tsjalukyariket.[3]

Dilawar Khan, som hadde vore guvernør i Malwa under Delhisultanatet, erklærte seg sjølv sultan av Malwa i 1401 etter eit øydeleggjande åtak på Delhisultanatet av mogulerobraren Timur. Khan grunnla ein hovudstad i Mandu, høgt oppe i Vindhyafjella over elvedalen til Narmada.

I 1531 erobra Bahadur Shah av Gujarat Mandu. Han avretta Mahmud II av Malwa (1511–31), og kort tid seinare braut Malwa-sultanatet saman.[4] Stormogulen Akbar tok Malwa i 1562 og gjorde det til ein subah (provins) av Mogulriket. Malwa subah eksisterte frå 1568 til 1743. Mandu var blitt forlaten på 1600-talet.

Etterkvart som Mogulriket veikna etter 1700 fekk Marathariket stadog meir kontroll over Malwa. Det invaderte Malwa i 1698, og fekk formelt overført området frå Mogulriket i 1738. Marathaleiaren Ranoji Scindia la hovudkvarteret sitt til Ujjain i 1721. Hovudstaden blei seinare flytta til staten Gwalior av Daulatrao Scindia. Ein annan marathageneral, Anand Rao Pawar, utnemnde seg sjølv til raja (konge) av Dhar i 1742, og dei to Pawar-brørne blei radjaer av Dewas-staten. Holkar-dynastiet herska over Malwa frå Indore og Maheshwar ved Narmada fram til 1818, då Marathariket blei nedkjempa av britane i Den tredje anglo-marathiske krigen, og Indore blei ein fyrstestat i Britisk India.

Etter 1818 organiserte britane dei mange fyrstestatane i Sentral-India inn i Central India Agency. Malwa Agency var ein divisjon innan denne ordninga, med eit areal på 23 100 km² og eit folketal på 1 054 753 i 1901. Då India fekk sjølvstende i 1947 gjekk fyrstetatane inn i den nye state, og det meste av Malwa blei del av den nye delstaten Madhya Bharat. Denne blei slått saman med Madhya Pradesh i 1956.

KjelderEndra

  1. Ahmad, S. H., Anthropometric measurements and ethnic affinities of the Bhil and their allied groups of Malwa area., Anthropological Survey of India,1991, ISBN 81-85579-07-5
  2. Asiatic Society of Bombay, Journal of the Asiatic Society of Bombay, The Society, 1951, s. 56
  3. The Cambridge Shorter History of India s. 159-160
  4. Sen, Sailendra (2013). A Textbook of Medieval Indian History. Primus Books. s. 116. ISBN 978-9-38060-734-4.