Uljanovsk
by i Russland
Uljanovsk (russisk Ульяновск) er ein by i Russland og hovudstad i Uljanovsk oblast. Byen ligg ved breidda av elva Volga, aust i den europeiske delen av Russland, 893 km aust for Moskva. Byen har like over 600 000 innbyggjarar.
Uljanovsk Ульяновск | |||||
---|---|---|---|---|---|
| |||||
Plassering | |||||
Styresmakter | |||||
Land | Russland | ||||
Føderasjonssubjekt | Uljanovsk oblast | ||||
Grunnlagd | 1648 | ||||
Borgarmeister | Sergej Jermakov | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd - By |
316,9 km² | ||||
Innbyggjarar - Totalt (2007) - folketettleik |
611 700 1 930,3 /km² | ||||
Koordinatar | 54°19′N 48°23′E / 54.317°N 48.383°E | ||||
Høgd over havet | 140 moh. | ||||
Tidssone - Ved sommartid |
MSK (UTC+3) MSD (UTC+4) | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Postnummer | 432xxx | ||||
Retningsnummer (tlf) | +7 8422 | ||||
Bilnummer | 73, 173 | ||||
Nettstad: www.ulmeria.ru/ |
Uljanovsk vart grunnlagd under namnet «Simbirsk» i 1648 og fekk bystatus i 1796. I 1924 endra han namn til «Uljanovsk» etter det eigentlege namnet til Lenin - Vladimir Uljanov - som vart fødd i byen og budde der til han var 17 år gamal. Aleksandr Kerenskij, leiaren av den russiske regjeringa som vart styrta av Lenin i oktoberrevolusjonen, vart òg fødd i byen.
Folk frå Uljanovsk
endre- Nikolaj Karamzin (1766–1826), historikar og forfattar
- Aleksandr Pusjkin (1799–1837), forfattar
- Nikolaj Jazykov (1803–1846), diktar
- Ivan Gontsjarov (1812–1891), forfattar
- Ilja Uljanov (1831–1886), pedagog
- Vladimir Lenin (1870–1924), kommunistleiar
- Aleksandr Kerenskij, (1881–1970), statsminister
- Andrej Sakharov (1921–1989), atomfysikar, dissident og menneskerettsforkjempar
- Ljudmila Belousova (1935-2017), kunstløpar