Ulrichshorn
Ulrichhorn er eit 3 925 meter høgt fjell i Mischabelmassivet i Wallis-Alpane, vest for Saastal. Fjelltoppen ligg litt i sørvest for fjellskaret Windjoch (3 850 m). Toppen er såleis eit framhald av fjellryggen av nordaustegga (Nadelgrat) på Nadelhorn (4 327 m). Toppen er kjent for utsikta, i særleg grad for utsynet mot nordaustveggen av Lenzspitze (4 294 m) og Nadelgrat.
Ulrichshorn | |||
fjell | |||
Mischabel med Ulrichshorn til høgre
| |||
Land | Sveits | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Wallis-Alpane | ||
Høgd | 3 925 moh. | ||
Primærfaktor | 75 m ↓ mot Dom | ||
Koordinatar | 46°31′55.4″N 7°58′02.3″E / 46.532056°N 7.967306°E | ||
Førstestiging | Melchior Ulrich | ||
- dato | 1848 | ||
Ulrichshorn 46°07′04″N 7°52′36″E / 46.11778°N 7.87667°E | |||
Plasseringa i Sveits
| |||
Wikimedia Commons: Ulrichshorn |
Fjelltoppen er oppkalla etter Melchior Ulrich, ein sveitsisk fjellklivar og teolog frå Zürich. Han leia turfylgjet som i 1848 nådde toppen, som dei aller fyrste.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Ulrichshorn» frå Wikipedia på tysk, den 21. mars 2010.