Ulrikke Falch
Ulrikke Falch (fødd 17. juli 1996) er ein norsk skodespelar, forfattar og samfunnsdebattant fødd i Oslo. Ho er mest kjend for rolla som Vilde Lien Hellerud i NRK-serien Skam. På sosiale medium har ho engasjert seg mot kroppspress, og fortalt korleis ho vart frisk frå eteforstyrringar. Falch og Susanne Kaluza starta kampanjen #postitgeriljaen på sosiale medium i juni 2017. Aksjonen fekk òg merksemd internasjonalt.[1] I 2017 kåra Nettavisen Falch til ein av dei 25 mest innverknadsrike på internett i Noreg.[2]
Ulrikke Falch | |||
Fødd | 17. juli 1996 (28 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Oslo | ||
Verka som | skodespelar, forfattar |
Falch har hatt over ein million følgjarar på bildedelingstenesta Instagram, men i midten av mars 2018 stengte ho kontoen då ho meinte ho trong ein pause.[3] Ho gjenopna kontoen i byrjinga av april same år.[4]
I august 2018 gav ho og medforfattaren Sofie Frøysaa ut boka Jenteloven - Feministisk førstehjelp.[5]
Filmografi
endreFjernsyn
endre- 2015-2017: Skam
- 2019: F-ordet
- 2019: Unnskyld, Norge!
- 2020: Ulrikke uden skam
- 2021: Ligga – konsten att komma över sitt ex
Bibliografi
endre- Jenteloven - Feministisk førstehjelp, saman med Sofie Frøysaa, 2018, Gyldendal, ISBN 9788205505872
Referansar
endre- ↑ Selstø, Ragnhild Sofie (14. juni 2017). «Ulrikke Falch-stunt får global merksemd». Framtida.no.
- ↑ «De 25 mest innflytelsesrike på internett i Norge». Nettavisen.
- ↑ Kristin Granbo (17. mars 2018). «Ulrikke Falch slettet Instagram-konto: – Jeg trenger en pause». NRK.
- ↑ «Ulrikke Falch er tilbake på Instagram». Side 2. 3. april 2018.
- ↑ Trine Saugestad Hatlen (30. august 2018). «Bokanmeldelse: Ulrikke Falch og Sofie Frøysaa: «Jenteloven»: – Velment, men ikke helt vellykket». VG.
- Denne artikkelen bygger på «Ulrikke Falch» frå Wikipedia på bokmål, den 25. november 2021.