Ulstein skipreide
Ulstein skipreide var ei av skipreidene på Sunnmøre.[1]
Geografisk femna ho om Ulstein sokn og Hareid sokn (unnateke området sør for Vartdalsfjorden), som tilsvarar noverande Ulstein kommune (unnateke Eiksund krins) og Hareid kommune.
I begynninga av 1800-talet vart skipreidene på Vestlandet avløyste av tinglag som følgde soknegrensene. Såleis vart Ulstein skipreide erstatta av Ulstein tinglag, som omfatta heile soknene Ulstein og Hareid (innrekna Vartdal sokn som var utskild 1876).