Ulsteinfjorden
62°21′45″N 5°47′58″E / 62.362432°N 5.799408°E
Ulsteinfjorden er ein liten fjord på vestsida av Hareidlandet i Ulstein kommune på Sunnmøre. Fjorden strekkjer seg om lag 4,5 km sørover frå Rundafjorden til Ulsteinvik som er kommunesenteret i kommunen.
Fjorden har innløp i nord mellom Vattøya i vest og Gåsneset i aust og endar ved Kloholmane og Hatløya i sør. Vest for Ulsteinfjorden ligg Bøfjorden på austsida av Leinøya.