Rundafjorden
Rundafjorden er fjord i Herøy kommune på Sunnmøre mellom øyane Runde i vest og Hareidlandet i aust. Fjorden strekkjer seg frå Grasøyane i nord, til Leinøya i Herøy og Vattøya i Ulstein kommune i sør. Frå Rundesundet i vest til Flø på Hareidlandet i aust er fjorden 9 km. Den største djupna i fjorden er 130 m.
I sør går Ulsteinfjorden i aust og Bøfjorden i vest vidare sørover.