Denne artikkelen handlar om byen i Ukraina. For innsjøen i Noreg, sjå Uman.

Uman (ukrainsk Умань) er ein by i Tsjerkasy oblast (provins) sentralt i Ukraina, aust for Vinnytsia. Byen ligg ved breidda av elva Umanka og er det administrative senteret i Uman rajon (distrikt). For ukrainarane er Uman kjend for skildringa av haidamakopprøra i det lengste diktet til Taras Sjevtsjenko, Haidamaky (1843).[1]

Uman
Умань
by
Flagg
våpen
Land  Ukraina
Oblast Tsjerkasy oblast
Rajon Uman rajon
Høgd 166 moh.
Koordinatar 48°45′0″N 30°13′0″E / 48.75000°N 30.21667°E / 48.75000; 30.21667
Areal 41 km²
Folketal 86 911  (2010)
Folketettleik 2 120 / km²
Grunnlagd 1616
 •  Magdeburgrettar 1760
Borgarmeister Jurij Bodrov
Postnummer 20300
Retningsnummer +380 4744
Kart
Uman i Ukraina
48°45′00″N 30°13′00″E / 48.75°N 30.216666666667°E / 48.75; 30.216666666667
Kart som viser Uman i Ukraina.
Kart som viser Uman i Ukraina.
Kart som viser Uman i Ukraina.
Wikimedia Commons: Uman

Historie

endre

Opphavet til byen er uklart, men han er særs gammal. Han er kjent frå 1616tatarane bygde eit forsvarsanlegg i byen og eit framtredande kossakregiment vart stasjonert i byen. I åra 1670–1674 var byen militært hovudkvarter for den delen av Ukraina som ligg på vestsida av Dnepr. Folketalet steig utover på 1600-talet då byen var ein del av Polen og han fekk byrettar i 1616 og i 1629 hadde den 6 000 innbyggjarar. I 1706 fekk han Magdeburgrettar.

I 1802 vart den storslåtte Sophienpark opna, anlagt av den polske greven Stanislaw Potocki og ingeniøren Ludwig Metzel, inspirert av dei engelske landskapsparkane. Parken har namn etter den greske hustrua til Potocki.

Under andre verdskrigen var det rett ved byen eit større slag mellom det tyske Wehrmacht og den raude armeen 15. juli–8. august 1941 der ei tysk pansergruppe rykte aust mot den austlege svingen av Dnepr og rundt 100 000 sovjetiske krigsfangar i ein stor knipetangsmanøver. Etter den tyske erobringa av byen vart over 14 000 jødar deporterte frå byen. Frå byrjinga av 1990-talet har byen vorte ein jødisk valfartsstad då grava til den sentrale rabbinaren Nachmann ligg her.

Næringsliv

endre

Hovudnæringa i byen er maskinindustri og farmasøytisk industri. Uman ligg sentralt kommunikasjonsmessig der motorvegane KievOdessa og VinnytsiaKropyvnytskyj kryssar kvarandre.

Kjelder

endre
  1. Magocsi, A History of Ukraina, 1996, s. 297

Bakgrunnsstoff

endre