Kropyvnytskyj
Kropyvnytskyj (ukrainsk skrift Кропивницький), tidlegare Jelisavetgrad, er ein by sentralt i Ukraina. Han ligg ved elva Inhul. Byen har kring 240 000 innbyggjarar (2004).
Kropyvnytskyj | |||
ukrainsk Кропивницький | |||
by | |||
Kropyvnytskyj universitet
| |||
|
|||
Motto: Med fred og godheit | |||
Kallenamn: Vesle Paris (historisk samanheng) | |||
Land | Ukraina | ||
---|---|---|---|
Oblast | Kirovohrad oblast | ||
Høgd | 124 moh. | ||
Koordinatar | 48°30′0″N 32°16′0″E / 48.50000°N 32.26667°E | ||
Areal | 103 km² | ||
Folketal | 239 400 (2004) | ||
Folketettleik | 2 324 / km² | ||
Grunnlagd | 1754 | ||
• Byrettar | 1765, 1782 | ||
Borgarmeister | Oleksandr Sainsus[1] | ||
Postnummer | 25000-490 | ||
Retningsnummer | +380 522 | ||
Kirovohrad 48°30′37″N 32°16′00″E / 48.510277777778°N 32.266666666667°E | |||
Kart som viser Kropyvnytskyj.
| |||
Wikimedia Commons: Kropyvnytskyi | |||
Nettstad: http://www.kr-rada.gov.ua/ |
Han utvikla seg kring ein militær busetnad og bløømde på 1800-talet då han vart eit viktig handelssenter. Det første ukrainske teaterselskapet i det sentrale og austlege Ukraina vart oppretta her i 1882.
Under Sovjetunionen vart byen eit senter for jordbruk og lettindustri.
Byen har hatt fleire namn gjennom historia. Han vart grunnlagd som Jelisavetgrad, til ære for tsarina Elisabeth av Russland. I 1924 vart namnet endra til Zinovijevsk, kalla opp etter Grigorij Zinovijev, ein sovjetisk statsmann og ein av kommunstpartileiarane som var fødd i Jelisavetgrad. 27. desember 1934, etter mordet på Sergej Kirov, vart Zinovievsk og andre sovjetiske byar, omdøypt på ny - denne gongen som Kirovo og så Kirovograd. Det siste namnet kom samstundes med at Kirovograd oblast vart danna den 10. januar 1939. Etter sjølvstendet til Ukraina fekk byen den ukrainske stavinga Kirovohrad.
Historie
endreKropyvnytskyj utvikla seg kring St. Elisabet-fortet. Dette fortet vart bygd i 1754 etter ordre frå tsarina Elisabet av Russland og spelte ei særs viktig rolle i dei nye landområda som vart lagt til Russland med freden i Beograd i 1739. I 1764 fekk busetnaden status som senter i Elisabet-provinsen og i 1784 vart han hovudbyen i distriktet. Fortet fekk då namnet Jelizavetgrad.
Fortet låg ved eit vegkryss og utvikla seg etter kvart til ei handelssenter. Det vart haldne fire marknadar i året.
27. april 1881 var det ein pogrom mot jødane i Jelisavetgrad. Det same skjedde i 1905.[2]
Klima
endreKropyvnytskyj har eit moderate kontinentalklima: kalde og snørike vintrar og varme somrar. Temperaturane er i middel -6,9 °С i januar og 20,3 °С i juli. Årsmiddelnedbøren er 513 mm med mest nedbør i juni og juli.
Vêrdata for Kropyvnytskyj i Ukraina | |||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | År | |
Gjennomsnittleg maks °C | −2,8 | −2 | 3,7 | 14 | 20,7 | 24,6 | 25,9 | 25,2 | 19,4 | 11,7 | 3,6 | −0,8 | 11,9 |
Gjennomsnittleg min °C | −8,5 | −8,1 | −2,9 | 4,7 | 9,9 | 13,8 | 15 | 14,1 | 9,1 | 3,7 | −1,8 | −5,8 | 3,6 |
Gjennomsnittleg nedbør mm | 44 | 32 | 27 | 36 | 47 | 58 | 60 | 50 | 41 | 35 | 44 | 45 | 519 |
Kjelde: Погода и климат - климат Кирвоград [3] |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Kropyvnytskyi» frå Wikipedia på engelsk, den 10. september 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ (ukrainsk) Повага та увага до городян мало коштує, але важить найбільше – мер Кіровограда, Radio Free Europa/Radio Liberty (14 February 2011)
- ↑ Rosenthal, Herman. Broyde, Isaac. Janovsy, S. jødar Encyclopedia.com "Yelisavetgrad:Elisavetgrad" June 20, 2009
- ↑ «Weather Information for Kharkov».