Opna hovudmenyen

Umm ar-Rehan (arabisk أم الريحان, òg skrive Umm Rihan eller Um al-Rehan) er ein palestinsk landsby med 370 innbyggjarar høgt i dei nordvestlege åsane i Jenin guvernement, 14 km frå Jenin.[3] Han er ein av fleire palestinsk landsbyar som no er ein enklave i Separasjonssonen[3]

Umm ar-Rehan
أم الريحان, Khirbet Umm ar-Rehan[1]
kommune
Namneopphav: Basilikum-mora[1]
Land Flag of Palestine.svg Dei palestinske territoria
Guvernement Jenin guvernement
Koordinatar 32°29′00.53″N 35°08′31.18″E
Folketal 370 (2007) [2]
Palestine location map wide.png
Locator Red.svg

Umm al-Rehan er ein av sju landsbyar som er ein del av Barta'a-enklaven,[4] som er kalla opp etter den største byen i enklaven: den austlege Barta'a (3 500 innb.).[5]

HistorieEndra

I romersk tid bestod Umm ar-Rehan av kring hundre hus, eit vegsystem og hadde eit romersk bad.[6] Ein har òg funne lekamar daterte til bysantinsk tid.[7]

I 1882 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine landsbyen som ein stad med «spor av ruinar. Vest for han i dalen ligg ruinane av eit vakttårn».[8]

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 Palmer, 1881, s. 150
  2. 2007 PCBS Census. Palestinsk statistisk sentralbyrå. s.104.
  3. 3,0 3,1 Local Aid Coordination Committee (30. april 2003). «The Impact of Israel's israelske sperringsmuren/-gjerdet på Vestbreidda on Affected Vestbreidda Communities» (PDF). Humanitarian and Emergency Policy Group. Henta 5. september 2015. 
  4. Operations Support Officer Programme West Bank (14. februar 2005). «Case Study: UNRWA's access to Barta'a enclave disrupted by IDF restrictions» (PDF). SNs hjelpeorganisasjon (UNRWA). Henta 5. september 2015. 
  5. Amira Hass (3. februar 2004). «One Nurse For 4 700 People and the Doctor Faces a Roadblock». Ha'aretz. 
  6. Mark Alan Chancey and Adam Lowry Porter (desember 2001). «The Archeology of romersk Palestina». 64, No. 4 (4). Det nære austenern Archeology: 164–203. ISSN 1094-2076. JSTOR 3210829. 
  7. Yizhar Hirschfeld (1997). «Farms and Villages in Byzantine Palestine». Dumbarton Oaks Papers (Dumbarton Oaks Papers) 51: 33–71. ISSN 0070-7546. JSTOR 1291761. doi:10.2307/1291761. 
  8. Conder og Kitchener, 1882, SWP II, s. 64

BakgrunnsstoffEndra