Underhaug Fabrikk

Underhaug Fabrikk A/S var eit føretak på NærbøJæren, som produserte landbruksreiskap.

Underhaug Fabrikk A/S vart stifta av Fredrik A. Underhaug, i 1907. Underhaug produserte mellom anna plogar, men er mest kjent for stubbebrytarane sine og for steinklypa. I etterkrigstida gjekk Underhaug meir og meir over til å produsera radreinskarutstyr og potetmaskinar, etterkvart både setjarar og haustarar. Frå seint på 1970-talet produserte Underhaug store mengder avlessarvogner. På 1980-talet vart Underhaug kjend for rundballepakkarane sine.

I 1986 fusjonerte Underhaug Fabrikk A/S med Kverneland Group, og drifta på Nærbø heldt fram under namnet Kverneland Nærbø AS. I 2001 stifta Kverneland Group, saman med det nederlandske selskapet Agrimac Holding, eit nytt selskap i Nederland, Dunor Potato Group B.V., som produserte maskinar for potetdyrking. Dei tidlegare potetmaskinene frå Underhaug var mellom desse produkta, og Dunor heldt fram med å nytta merkenamnet Underhaug på desse.

I 2004 vart Kverneland Nærbø nedlagt og produksjonen av ballepakkarar flytta til Kverneland Gottmadingen i Tyskland. TKS AS kjøpte den gamle Underhaug-fabrikken frå Kverneland Group og etablerte dette som eit dotterselskap, under namnet TKS Mekansiske AS. I 2006 kjøpte TKS Mekaniske rettigheitene til potetmaskinane og flytta produksjonen attende til Nærbø.

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre