Opna hovudmenyen

Nærbø er ein tettstad i Hå kommuneJæren, og eit namn som vert nytta som etternamn. Jarnbanen Jærbanen har stasjon på Nærbø. Politikken i Hå kommune er særkjenna av ulike bygdelister, for å ta vare på bygdene sine interesser etter kommunesamanslåinga i 1964. Frå 2003 fekk Nærbølista ordførarvervet i Hå kommune.

Nærbø
stad
Naerboe Panoramas.jpg
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Rogaland
Kommune
Areal 3,08 km²
Folketal 7 213 (2017)
Folketettleik 2 342 / km²
Postnummer 4365 NÆRBØ
Preposisjon Nærbø

Jærmuseet ligg ved Nærbø, og legg vekt på historia til jordbruket på Jæren. På Nærbø er det mykje verksemd og industri knytt til jordbruket.

Nærbø kommune 1894-1964Endra

Nærbø er namn på ein tidlegare norsk kommune i Rogaland fylke. Frå 1837 var Nærbø del av formannskapsdistrikt. Hå vart i 1894 delt i Nærbø og Varhaug kommunar. Nærbø hadde då kommunen vart etablert som sjølvstendig kommune 1 806 innbyggjarar. 1. januar 1964 vart Nærbø kommune slegen saman med Ogna og Varhaug kommunar til den nye Hå kommune. Nærbø hadde ved samanslåinga 3 926 innbyggjarar.