63°18′54.817″N 13°14′55.151″E / 63.31522694°N 13.24865306°E / 63.31522694; 13.24865306

Undersåker jernbanestasjon

Undersåker (sørsamisk Såaka) er ein tettstad i Åre kommun i Jämtlands län i Sverige. Staden hadde i 2005 eit innbyggjartal på 384 og eit areal på 0,79 km².[1]

Staden ligg rundt 80 km vest for Östersund, og er langstrekt i retning aust-vest. Det består av ein austleg del med Undersåker kyrkje («kyrkjebyen») og ein vestleg del med Undersåker jernbanestasjon (stasjonsbyen). Mellom dei to ligg Hålland med Hållandsgården.

E14 frå Östersund mot Storlien og Noreg går gjennom Undersåker. Her passerer òg Mittbanan, som er fortsetjinga til Meråkerbanen i Sverige, som blei innvigd i 1882. Tilkomst til Edsåsdalen, Trillevallen, Vålådalen, Fångåmon og Ottsjö med bil er via Undersåker. Det finst to førskular samt ein grunnskule i Undersåker.

Kjende folk frå Undersåker endre

Kjelder endre

  1. Tätorter; arealer, befolkning 2005, Befolknings- og arealfakta frå SCB

Bakgrunnsstoff endre