Ungdom mot EU

Norsk ungdomsorganisasjon

Ungdom mot EU (UmEU) er ein tverrpolitisk ungdomsorganisasjon som jobbar mot norsk medlemskap i Den europeiske unionen. UmEU vart skipa 17. februar 1991 med Olav Sannes Vika som leiar. Frankie Solberg Rød frå Sarpsborg er leiar i perioden 2020-2021.[1][2] UmEU er ungdomsorganisasjonen til Nei til EU, og deler kontorlokale med dei i Oslo. Organisasjonen har aktivitet i dei fleste fylke.

Ungdom mot EU

Typeforening/lag/innretning
Org.nummer871280142
Skipa17. februar 1991
HovudkontorOslo
TilsetteSjå dette på Wikidata
Medlemmer950
MottoFor folkestyre, miljø og solidaritet
Nettstadhttps://www.umeu.no/ Sjå dette på Wikidata

Historie endre

Organisasjonen vart skipa i Oslo under namnet Ungdom mot EF ved eit skipingsmøte 17. februar 1991. Den første leiaren var Olav Sannes Vika, og Janne E. Johannessen var valt som første nestleiar. Organisasjonen bestod frå byrjinga av ein brei allianse av ungdommar frå forskjellige politiske organisasjonar og parti. Mange medlemmer hadde tidlegare erfaring frå lokale studentlag og organisasjonar som Norges Bygdeungdomslag og Natur og Ungdom. Allereie ved det andre landsmøtet i februar 1992 hadde Ungdom mot EF 4000 medlemmer fordelt på over 100 lokallag.[3]

I forkant av folkerøystinga i 1994 arbeida organisasjonen med å overbevise den norske ungdommen om å ta eit standpunkt mot norsk EU-medlemskap. I oktober same år lanserte Ungdom mot EU ein kampanje under parolen «Vi vil velge vår egen framtid». AUF, KrFU, Unge Venstre, Norges Bygdeungdomslag, Senterungdommen, Sosialistisk Ungdom, Juvente, og Natur og Ungdom var blant ungdomsorganisasjonane som slutta seg til denne kampanjen. Ungdomskampanjen mot EU resulterte i over 60 prosent oppslutning mot norsk EU-medlemskap frå elevar i dei vidaregåande skulane ved skulevala november 1994. Engasjementet i Ungdom mot EU nådde sitt historiske toppunkt på denne tida, då organisasjonen bestod av over 20 tilsette og 7418 betalande medlemmer under 25 år.[3]

Leiarar i Ungdom mot EU endre

Kjelder endre

  1. Kjøllesdal, Bente (23. april 2020), «Den nye leiaren i Ungdom mot EU: – Befolkninga kan altfor lite om EU», Framtida (på engelsk), henta 5. november 2020 
  2. Bjørnstad, G. «Frankie (20) fra Skjeberg ny leder i Ungdom mot EU», Sarpsborg Arbeiderblad 21.04.2020.
  3. 3,0 3,1 Seierstad, D (2014). Folket sa nei: Norsk EU-motstand frå 1961 til i dag. Oslo: Samlaget. s. 81-82,106-107, 233-236. 

Bakgrunnsstoff endre