Sosialistisk Ungdom

Sosialistisk Ungdom (SU) er ungdomsfylkinga til Sosialistisk Venstreparti. SU er ein revolusjonær, sosialistisk og feministisk organisasjon som kjempar for eit sosialistisk folkestyre.

Sosialistisk Ungdom

ModerpartiSosialistisk Venstreparti
LandNoreg
Partileiar(ar)Audun Hammer Hovda[1]
HovudkvarterOslo
Medlemstal1 277 (2020)[2]
Ideologisosialisme Sjå dette på Wikidata
SU demonstrerer for lærlingsplassar 1. mai 2010 i Oslo.

SU har lokallag i alle fylke og hovudkontor i Akersgata 35 i Oslo saman med SV.

Historie

endre

SU blei først stifta i januar 1975 då ungdomspartia til dei partia som danna SV, gjekk saman. Organisasjonen blei likevel lagt ned 13. november 1981, på grunn av politisk usemje. Dagen etter blei han stifta på ny, mange av medlemmane var ikkje velkomne i den nye organisasjonen. Fleire av desse, i røynda ekskluderte, stifta då Arbeidermaktgruppa.

I tillegg til kampen for sosialisme og feminisme har SU arbeidd mykje med spørsmål som miljø, antirasisme og ungdomstilbod. Organisasjonen arbeider også mykje med internasjonal solidaritet, mellom anna i høve til Colombia og Palestina. Som ein del av solidaritetsarbeidet har organisasjonen markert seg sterkt med kritikk av USA sin utanrikspolitikk og Noregs haldning til denne.

Sosialistisk Ungdom gir ut ungdomsmagasinet Rødt Press. Organisasjonen har også gitt ut fleire bøker. Dei viktigaste dei siste åra er «Du skal ta ledelsen og makta I og II», «Feminisjon» og ei eiga handbok for ungdomsaktivistar.

Tidlegare leiarar

endre

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Denne samfunnsartikkelen som har med Noreg å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.