Ungdommens Sjakkforbund

Ungdommens Sjakkforbund (USF) er ein norsk barne- og ungdomsorganisasjon som organiserer sjakkaktivitet for barn og ungdom til og med det året dei fyller 25 år. Organisasjonen er medlem i Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner.

USF er delt inn i 18 krinsar og har om lag 100 lokallag over heile landet. I 2009 var medlemstalet 3.836. Ungdommens Sjakkforbund har kontor saman med Norges Sjakkforbund i Sandakerveien 24D i Oslo.

Ungdommens Sjakkforbund har gitt ut medlemsbladet Førsteraden sidan 1977.

Sjakkturneringar for barn og ungdom

endre

USF syter for at det kvart år blir arrangert eit stort tal sjakkturneringar for barn og ungdom. To av dei største årlege turneringane i norsk sjakk er NM i sjakk for ungdom i slutten av november, og NM i sjakk for skulelag i april/mai. I tillegg blir det mellom anna arrangert NM i sjakk for juniorlag, NM i sjakk for jenter mv. Det største omfanget har likevel dei årlege Barnas Grand Prix i sjakk, oppstarta i 1989, der det i 2009 blei arrangert 65 turneringar med 2.673 startar.[1]

Historie

endre

Opptakta til organisasjonen starta som Norges Sjakkforbunds Ungdomsutvalg i 1970, med Trygve Waage som driftig formann. Etter naudsynte førebuingar vart det så på Norges Sjakkforbund sin kongress i Bergen i juli 1977 vedteke å opprette det som då vart heitande Norges Sjakkforbunds Ungdom som eigen organisasjon, med eige årsmøte, eigne lover, krinsstyre og lokallag. Trygve Waage vart vald til den første formannen.[2] Årsmøtet i 1996 vedtok så å byte namn til det noverande Ungdommens Sjakkforbund med verknad frå 1. januar 1997.[3]

Kjelder

endre

Øystein Brekke: Norges sjakkforbund 75 år 1914-1989, Norges Sjakkforbund 1989, ISBN 82-991916-0-2

Fotnotar

endre
  1. BGP/UGP 2009, vitja 21. september 2010
  2. Brekke s. 78
  3. Førsteraden nr 4/96 s. 2

Bakgrunnsstoff

endre