Øystein Brekke
Øystein Brekke (fødd 22. mars 1956) er ein norsk sjakkspelar, sjakkorganisator, turneringsarrangør og turneringsleiar, sjakkskribent, sjakkbladredaktør, sjakkbokforfattar, sjakkhistorikar, eigar av den største sjakkbutikken i Noreg og av Norsk Sjakkforlag. Han har vore aktiv i eit fleirtal av desse rollene sidan tidleg på 1970-talet. Som følge av innsatsen for norsk sjakk vart han æresmedlem både i Norges Sjakkforbund i 2010 og i Ungdommens Sjakkforbund i 2013.[1]. Øystein Brekke er frå Gjøvik, men har mesteparten av sitt vaksne liv budd i Modum. Brekke har vore leiar av Sjakkhistorisk forum sidan dette vart skipa 7. juli 2011.[2]
Øystein Brekke | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 22. mars 1956 (68 år) |
Yrke | forfattar, sjakkspelar |
Sjakkspelaren og sjakkorganisatoren
endreØystein Brekke var sentral i at Norsk Sjakkblad vart reetablert i 1975, og var også redaktør i 1975-79, seinare også delvis i 1981 og 1986, samt i 2000 til ut i starten av 2001.[3] Brekke var generalsekretær i Norges Sjakkforbund og Norges Sjakkforbunds Ungdom (no USF) i perioden 1982–88.[4] Han er turneringsarrangør og har arrangert eit stort tal norske sjakkturneringer, mellom anna noregsmeisterskapen i sjakk på Lillehammer i 2013.[5] Øystein Brekke er eigar av Norsk sjakkforlag (skipa 1988) og Sjakkbutikken (skipa 2005). Øystein Brekke er sjølv ein sterk sjakkspelar med solid meisterklasserating.[6]
Sjakkbokforfattaren
endreØystein Brekke har pr. mai 2021 skrive 21 sjakkbøker, deriblant Nordisk sjakk i 100 år (1999), Sjakkmesteren Svein Johannessen (2010), Norske sjakktrekk. Norges Sjakkforbund 100 år 1914-2014 (2014), Lær sjakk – Fra begynner til turneringsspiller (2018) og The Saga of Fridrik Olafsson (2021).
Bakgrunnsstoff
endreBibliografi
endre- 1981 Spill sjakk 1, NKS-Forlaget ISBN 82-508-0018-4
- 1983 Spill Sjakk 2, NKS-Forlaget ISBN 9788250800199
- 1986 VM-sjakk i 100 år – Portretter av 13 verdensmestre ISBN 9788258804359
- 1987 Stormestersjakk i Gausdal ISBN 8290779003
- 1989 Norges sjakkforbund 75 år 1914-1989, Norges Sjakkforbund 1989 ISBN 82-991916-0-2
- 1997 Sjakkens Holmenkollen, Gausdalsjakk 1970-1996 ISBN 9788290779011
- 1999 Nordisk sjakk i 100 år ISBN 9788290779035
- 2005 Sjakkskolen 1 ISBN 978-82-90779-06-6
- 2009 Sjakkmesteren Svein Johannessen ISBN 978-82-90779-05-9
- 2010 Sjakkskolen 2 ISBN 9788290779080
- 2011 Historien om en sjakklubb. Schakklubben av 1911 i 100 år ISBN 9788299882606
- 2012 111 sjakk matt i 1 trekk ISBN 9788290779165
- 2013 Sjakkskolen 3 ISBN 978-82-90779-17-2
- 2014 Norske sjakktrekk. Norges Sjakkforbund 100 år 1914-2014 ISBN 8299191629
- 2016 111 sjakktrekk som vinner ISBN 978-82-90779-20-2
- 2018 Lær sjakk – Fra begynner til turneringsspiller ISBN 9788290779233
- 2018 Hønefoss Sjakklubb gjennom 100 år ISBN 978-82-90779-22-6
- 2019 111 smarte sjakktrekk ISBN 978-82-90779-20-2
- 2021 The Chess Saga of Fridrik Ólafsson ISBN 9788290779288
- 2022 Gjøvik og Totens sjakkhistorie ISBN 9788290779295
Kjelder
endre- Øystein Brekke: Norske sjakktrekk. Norges Sjakkforbund 100 år 1914-2014. Norges Sjakkforbund 2014, ISBN 978-82-991916-2-3
Fotnotar
endre- ↑ Brekke 2014 s. 284 og 286
- ↑ https://sjakkhistorie.no/
- ↑ https://drive.google.com/drive/folders/0B6SyOv8evXnibWplaFBpVExENmc
- ↑ Brekke 2014 s. 284
- ↑ Brekke 2014 s. 305
- ↑ https://ratings.fide.com/profile/1500740