Uratom (primeval atom) er ei eldre nemning på tilstanden til universet ved starten av utvidinga, like etter big bang. Omgrepet vart innført av den belgiske kosmologen Georges Lemaître (1894–1966), som føresilte seg at dette uratomet bestod av elementærpartiklar.

På same måte syner ureldkula (primeval fireball) til den same tilstanden. Heile universet var då fylt av ei «eldmørje» som bestod av særs energirike elementærpartiklar og stråling. Tettleiken og temperaturen i denne eldmørja var særs høg, men på grunn av utvidinga minka både tettleiken og temperaturen.

Ein har rekna ut at den opphavlege strålinga (gamma- og røntgenstråling) framleis fyller heile verset i form av kosmisk bakgrunnsstråling, men er no blitt «avkjølt» til berre kring 3 grader over det absolutte nullpunktet (mikrobølgjestråling). Denne strålinga med bølgjelengder i mm- og cm-området vart første gongen påvist i 1965.

Kjelder endre