Stråling, utstråling eller radiasjon er overføring av energi eller masse i form av bølgjer som forplantar seg gjennom rommet eller gjennom eit medium, eller i form av subatomære partiklar i rørsle.

Stråling vert oftast nytta om elektromagnetisk stråling, som radiobølgjer, mikrobølgjer, varmestråling, lys, ultrafiolett stråling, røntgenstråling og gammastråling. I tillegg har ein partikkelstråling som radioaktiv stråling, nøytronstråling og stråling av hurtige partiklar frå akseleratorar og kosmisk stråling frå verdsrommet.

Kjelder endre

Stråling. (2009, 15. februar). I Store norske leksikon. Henta 10. november 2013 frå http://snl.no/str%C3%A5ling.

  Denne fysikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.