Ureasyklusen er ein biokjemisk reaksjonssyklys som gjer om ammoniakk, eit giftig stoff, til urea hjå ureoteliske dyr. Reaksjonane går føre seg i levra, og er delt mellom cytosol og mitokondria. Hjå menneske er ureasyklusen den einaste måten ammoniakk kan fjernast frå kroppen på.[1][2]

Reaksjonane i ureasyklusen. Namna til enzyma er avstytte.

Ureasyklusen har fem steg og involverer dei fem enzyma karbamoylfosfat-syntetase, ornitin-transkarbamoylase, argininravsyre-syntetase, argininravsyre-lyase og arginase.[1]

Ei viktig rolle til ureasyklusen er å fjerna ammoniakk frå katabolisme av aminosyrer og protein. Fleire genetiske sjukdomar skriv seg frå lyte i enzyma i ureasyklusen.[2]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Shambaugh Ge, 3rd (1977). «Urea biosynthesis I. The urea cycle and relationships to the citric acid cycle». The American journal of clinical nutrition 30 (12): 2083–7. PMID 337792. 
  2. 2,0 2,1 Jackson, M J; Beaudet, A L; O'Brien, W E (1986). «Mammalian Urea Cycle Enzymes». Annual Review of Genetics 20: 431–64. PMID 3545062. doi:10.1146/annurev.ge.20.120186.002243. [daud lenkje]
  Denne biokjemiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.