Ústí nad Labem

(Omdirigert frå Usti nad Labem)

Ústí nad Labem (tysk Aussig an der Elbe) er ein by i Ústí nad Labem kraj Tsjekkia. Byen ligg heilt nord i landet, om lag 20 km frå grensa til Tyskland ved E55 mot Dresden. Byen ligg, som namnet nemner, ved elva Elbe (tsjekkisk Labe). Han har nesten 100 000 innbyggjarar, og er den niande største byen i landet.

Ústí nad Labem
Horisonten til Ústí nad Labem
Horisonten til Ústí nad Labem
Flagget til Ústí nad Labem Byvåpenet til Ústí nad Labem
Flagget til Ústí nad Labem Byvåpenet til Ústí nad Labem
Styresmakter
Land
Kraj
Tsjekkia
Ústí nad Labem kraj
Først nemnd i 1056
Geografi
Flatevidd 93,969856 km²
Flatevidd
 - By
 - Storbyområde

94 km²
874 km²
Innbyggjarar[1]
 - By (2011)
   - folketettleik
 - Storbyområde

95 003
  999/km²
243 878
Koordinatar 50°40′N 14°02′E / 50.667°N 14.033°E / 50.667; 14.033
Høgd over havet 218 m
Diverse anna
Telefon-retningsnummer 400 01
Heimeside: www.usti-nl.cz
Plassering
Plassering av Ústí nad Labem
Plassering av Ústí nad Labem

Ústí ligg i eit fjellområde der elvane Bílina og Elbe (Labe) renn i hop, og er både ein viktig elvehamneby og jarnbaneknutepunkt. Byen er mellom anna fødestad for målaren Anton Raphael Mengs.

Elbe flyt gjennom byen

Fram til 1945 var majoriteten av folkesetnaden tysktalande. 31. juli 1945 oppstod det ein eksplosjon ved eit nærliggande ammunisjonslager, og den kommunistiske revolusjonsgarden gav utan nærmare undersøking skylda på den tyske folkesetnaden. Mange tysktalande vart då avretta.

Under den tsjekkoslovakiske tida fanst det mykje tungindustri både i og utanfor byen, mellom anna kjemisk industri og ein kunstgjødselfabrikk midt i sentrum. På grunn av utslepp frå desse fabrikkane var byen ein av dei skitnaste i Europa. Skogområda rundt byen vart sterkt skada av forureining.

Ústí nad Labem fekk internasjonal merksemd i 1999 då ein bygde ein kontroversiell mur for å skilje romanifolk og etniske tsjekkarar frå kvarandre. Etter kraftige protestar vart muren riven ned att av dei tsjekkiske styresmaktene.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Ústí nad Labem