Utdøydd språk

(Omdirigert frå Utdøytt språk)

Eit utdøydd språk er eit språk som ikkje lenger har levande morsmålstalarar. Prosessen der eit språk blir dødt blir kalla språkdød. Nokre gonger skil ein mellom eit utdøydd og eit dødt språk, der sistnemnde framleis blir brukt i visse samanhengar, men ikkje i spontan daglegtale og dermed ikkje lenger går gjennom den naturlege språkutviklinga ein finn i levande språk.

Eteokyprisk innskrift frå AmathousKypros datert til 500-300 f.Kr. No -ved Ashmolean Museum.

Språk kan døy ut når språktalarane døyr eller går over til andre språk. Dette kan skje når språksamfunnet blir utsett for stor påverknad fra andre språksamfunn. Talarane kan då gå over til eit heilt anna språk, eller språket kan gå gjennom så store endringar at det blir tale om eit nytt språk. Eit døme på eit nyleg utdøydd språk er akkalasamisk, der den siste talaren døydde i 2003. Eit eldre døme er norrønt, som er utdøydd fordi talarane har gått over til nyare språkformer.[1]

Stundom gjer ein forsøk på å vekka utdøydde språk til live igjen ved å innføra det som daglegspråk for nye talarar, noko ein til dømes har gjort med hebraisk i Israel og kornisk i Cornwall.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. Lars S. Vikør, «Frå norrønt til bokmål og nynorsk», sprakradet.no

  Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.